SPESIALPEDAGOGIKK, PE331

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
SPESIALPEDAGOGIKK, PE331

Studiepoeng
30 studiepoeng

Organisering
Haust og vårsemesteret

Kompetanse / formell grad

Studiet er valfritt fag 4.studieår i den 4-årige allmennlærarutdanninga og vidareutdanning for førskole- og allmennlærarar, vernepleiarar, sosionomar, barnevernspedagogar og for personar med utdanning i idrett for funksjonshemma og fag- og yrkeslærarar. Studiet gir kompetanse tilsvarande tidlegare 1.avdeling spesialpedagogikk. Ved nokre høgskolar kan dette studiet/delar av studiet gå inn som ein del av ein mastergrad i spesialpedagogikk.

Målgruppe

Allmenn- og førskulelærarar, 4.årsstudentar i den 4-årige allmennlærarutdanninga, vernepleiarar, sosionomar, barnevernspedagogar og for personar med utdanning i idrett for funksjonshemma og fag- og yrkeslærarar.

Mål for studiet

Å vidareutvikle den fagleg-pedagogiske og metodiske innsikta til studentane og deira dugleik og haldning til det spesialpedagogiske feltet, slik at dei skal bli i stand til å:

  • å forstå korleis tilhøva i barnehage, skule, familie, nærmiljø og samfunn kan føre til at funksjonshemming kan oppstå, utviklast og oppretthaldast
  • å skaffe seg kunnskap om og innsikt i oppbygginga av og funksjonen til det etablerte hjelpeapparatet, slik at ein betre blir i stand til å rettleie og ta vare på funksjonshemma barn og deira familiar, og deira rettar i barnehage, skule, nærmiljø og storsamfunn
  • å forstå problem, reaksjonar og åtferdsmønster hos barn med ulike funksjonshemmingar og/eller ugunstige oppvekstvilkår
  • å skaffe seg kunnskap om og innsikt i ulike signal på funksjonssvikt, seinka eller avvikande utvikling, og å kunne vere med på å førebyggje slik utvikling
  • å bruke observasjon som metode i spesialpedagogisk arbeid, bruk av ulike observasjonsmetodar og vidareføring av observasjon til pedagogiske verkemiddel
  • å kunne arbeide med spesialpedagogiske oppgåver mellom anna i samarbeid med føresette og ulike hjelpeinstansar
  • å ta del i fagleg utviklingsarbeid og endringsprosessar med utgangspunkt i det spesialpedagogiske arbeidet
  • å organisere læring i allsidig samansette grupper og i eit inkluderande miljø

 

Opptakskrav / krav til forkunnskapar

Utdanning som allmenn- eller førskulelærar, faglærar, sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog eller utdanning i idrett for funskjonshemma.

Innhald / oppbygging

Studiet er sett saman av følgjande emne:
·psykologiske/sosiologiske emne
·spesifikke lærevanskar
·observasjon og testing
·ulike funksjonsvanskar
·kreative fag og aktivitetar
·hjelpemiddel i det spesialpedagogiske arbeidet
·målsetting og organisatoriske rammer i spesialpedagogisk arbeid

Undervisnings- og læringsformer

Det spesialpedagogiske studiet har ein sterk praksistilknyting og refleksjonen mellom teori og praksis er ein viktig del av det spesialpedagogiske studiet. Arbeids- og undervisningsformer vil vere førelesing, gruppe-, kollokvie-, prosjekt-, individuelt arbeid og litteraturstudiar. Kollokviearbeid vil vere ei arbeidsform som kjem i tillegg til den ordinære undervisningstida. Balansen mellom lærarstyrt og studentstyrt undervisning vil bli avgjort ut frå stoffet og ut frå samråding mellom studentar og lærarar. I studiet vil ein arbeide med IKT som arbeids- og læringsverktøy. ClassFronter vert brukt som informasjons- og kommunikasjonshjelpemiddel. Undervisninga vert avvikla torsdag, fredag og delvis laurdag, med til saman om lag tolv samlingar fordelt over studieåret.

Ein ekskursjon i løpet av studieåret. Kostnader knytt til turen må dekkast av den einskilde student.

Praksis

Praksis skal være minst 3 veker, t.d. ved eit PPT - kontor, i ein klasse eller gruppe ved skole/barnehage.

 

Arbeidskrav

- Ein individuell rapport eller grupperapport knytt til praksis
- Eit prosjektarbeid i gruppe med presentasjon i haustsemesteret
- Eit individuelt arbeid i vårsemesteret
- Testkurs m/individuell- eller grupperapport knytt til gjennomføring av testar
- Praksis; praksisførebuing, gjennomføring og etterarbeid

Obligatorisk frammøte til delar av undervisninga. Kva delar dette gjeld går fram av semesterplanen.

Sluttvurdering

PE 331 000 Individuell skriftleg eksamen. Vårsemesteret.
Eksamenstid: 6 timar.
Ekstern sensor

Pensum

Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart. Endeleg pensumliste skal ligge føre innan oppmeldingsfristen til eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15 septemberog for vårsemesteret 15. februar.