Vidareutdanning for allmennlærarar. Valfritt fag i 4.studieår i den 4-årige allmennlærarutdanninga.
Allmennlærarar og 4.årsstudentar i den 4-årige allmennlærarutdanninga.
Kurset skal gi grunnlag for å undervise i natur- og miljøfag på småskole- og mellomsteget og vil legge vekt på å gi kunnskap om sentrale emne og arbeidsmåtar i Natur- og miljøfag. Kurset skal gi idear og arbeidsmåtar som har overføringsverdi til undervisning i grunnskolen.
Det vert kravd at studentane har lærarutdanning eller er i gang med lærarutdanning.
Kurset innehelde fysikk, biologi, geologi, kjemi og didaktikk. Vi har valt å strukturere desse faga i hovudemne som er brukt i læreplanverket for 10-årig grunnskole:
Kropp og helse
Her vil vi drøfte helseomgrepet. Kva vil det si å være sjuk? Kvifor blir barn sjuke? Vidare vil sansane stå sentralt. Vi kjem elles inn på bygning og funksjon til ein del organ i kroppen, med spesiell vekt på mat, ernæring, fordøyelse, spiseforstyrring og andre aktuelle helseproblem i vår tid.
Mangfaldet i naturen
Her tek vi utgangspunkt i det biologiske mangfaldet. Ved uteaktivitetar blir vi kjent med ein del planter og dyr, formeiring og miljøtilpassing. Livslaup, økologi og enkel systematikk vil være nokre aktuelle stikkord.
Stoff, eigenskapar og bruk
Denne delen er knytt til stoffa si oppbygging, eigenskapar og kva som skjer når stoffene reagerer med kvarandre. Her kjem vi inn på mineral, bergartar og generell geologi. Dessutan kjem vi inn på stoffkrinslaup, kompostering og spesielle eigenskapar ved vatn som flyte, søkkje, overflatehinne og aggregattilstander for å nemne det viktigaste.
Det fysiske verdsbildet
Vi vil her forsøke å endre oppfatninga av fysikk som et teoretisk vanskelig fag som passer best for gutar. Dette gjer vi ved å knyte dei aktuelle emna i fysikken til enkle forsøk som er knytt til dagleglivet. Nokre av dei mest aktuelle emna er lys, lyd, elektrisitet, magnetisme og mekanikk der energiomgrepet er sentralt. I tillegg kjem tema som astronomi, vær og klima.
Didaktikk
Tradisjonell fagmetodikk inngår i dei einskilde punkta. Ut over det er fokus retta mot læreplan, fagplan og skulesystem i inn- og utland. Resultat av samanliknande undersøkingar og evaluering av fagplanar, skolesystem og elevprestasjonar høyrer inn under dette delemnet . Likså prosessar og straumar i samfunnet med relevans til skule og skuleutvikling.
Vi legg vekt på å nytte varierte arbeidsformer som er relevante for grunnskolen. Den praktiske delen med blant anna uteaktivitetar vil bli vektlagt og vi vil forsøke å knytte fagstoffet til dagliglivet og til praktisk arbeid i skolen.
Undervisninga vil bli konsentrert til samlingar fordelt ut over året. Studentar og faglærarar vil ha kontakt over nettet.
Ekskursjonar:
I tillegg til turar og aktivitetar ute har vi ein tre dagars ekskursjon til Runde.
Ein må rekne med å dekke kostnader til reise og overnatting ut over dei satsane som til ei kvar tid gjeld ved HSF.
For vidareutdanningsstudentar vil praksis vil finne stad i eigne klassar.
NA410 302 Mappeevaluering
Mappa skal innehalde fire arbeidsoppgåver, ei frå kvar av hovudemna (1. Mangfaldet i naturen, 2. Stoff, eigenskapar og bruk, 3. Det fysiske verdsbiletet og 4. Kropp og helse).
Vekting 40%
NA410 301 Skriftlig eksamen
Tid: 6 timar
Vekting 60%
Ei liste over pensumlitteratur skal liggje føre ved studiestart.