Deltid haust og vår. Undervisning annan kvar laurdag.
Studiet tel 30 studiepoeng i ein universitets- eller høgskulegrad. Saman med HSF sine historiekurs SA 533, SA 534 og SA 536 kan dette utgjere ein del av ein bachelorgrad som vil gje opptak til mastergradsstudium i historie.
Studiet kan gå inn som ein del av ein bachelorgrad eller som vidareutdanning for allmennlærarar og andre interesserte.
I studiet av lokalsamfunnet skal studenten tileigne seg kunnskap om lokalsamfunnet i perioden 1650-2000. Gjennom ei førelesingsrekke i emnet Ressursar, menneske og teknologi skal dei få innføring i faget, metodane og realhistorie. Ut frå dette skal dei skrive ei sjølvstendig oppgåve basert på kjelder av ulik karakter.
SA 533, SA 534 og SA 536 eller realkompetanse
– Innføring i lokalhistorie som fagdisiplin.
– Kunnskap om kjelder, kjeldebruk og metode.
– Praktisk øving i skriftleg vitskapleg framstilling.
– Realhistorisk kunnskap om forholdet mellom ressursar, menneske og teknologi, med lokalsamfunnet som ramme.
Studiet inneheld didaktiske element.
Førelesingar, seminarundervisning og individuelt arbeid.
Oppgåve til mappe/sluttvurdering: Studentane skal skrive ei oppgåve som skal kommenterast skriftleg av faglærar. Oppgåva tel også som ein del av sluttvurderinga/eksamen.
Sluttvurderinga går fram av emneomtalane og er sett saman av skuleeksamen, mappeoppgåve og fordjupingsoppgåve med munnleg etterprøving.
Førebels pensumliste, meir følgjer seinare:
Mrk.: Titlar merka * gjeld bøker som er å få kjøpt, resten er å finne i kompendium. Desse vert selde i kompendieutsalet på Foss.
1. Lokalhistorie som fag/Arbeidsformer, kjeldekunnskap
Kjernepensum:
* Sandnes, Jørn: Handbok i lokalhistorie. Faget og metodene (1983) side 9-124.
Sandal, Per: Lokalhistorie (1983) (eige kompendium) s. 10-163.
Stoa, Nils Johan: Lokalhistoriske kilder. Bruk av trykte og utrykte kilder i undervisning og
lokalhistorisk granskning (1993) 77 s.
Velure, Magne: Museet - Mangfald, minne, møtestad. i kap. 4: Museumshistorikk (s. 23 -33) og kap. 5: Museet som samfunnsinstitusjon (s. 35 -42) NOU 7/1996
Richard Petterson: Kulturella arv och kollektiva minnen: Vem är i behov av vad? Nordisk
Museologi 1 - 2002, s. 79-88
Hodne, Kjelstadli og Rosander (red): Muntlige kilder (1981). Følgjande artiklar: Rosander, Gøran: Muntlige kilder - hva og hvorfor?, s. 11-21.
Slettan, Dagfinn: Muntlig historie - en mangesidig virksomhet, s. 22-33.
Kjelstadli, Knut: Kildekritikk (muntlige kilder), s. 66-84.
2. Natur/samfunn og teknologi
Kjernepensum:
*Sogner, Sølvi:Far sjølv i stua og familien hans. Trekk fra norsk familiehistorie før og nå
(1990) s. 9-95.
Sunde, Rasmus: Årsaksforklaringar bak emigrasjonen til Amerika ( 1999) 18 s.
* Dyrvik, Ståle m.fl.: Norsk økonomisk historie 1500-1970(1979): Kapitla 1-2 s. 9-33, kap.13-14 s. 122-153, kap 19 s. 184-199 og kap. 24 s. 237-251.
Lunden, Kåre: Jordbruksproduksjonen-teknikk, produktivitet i Noregs Landbrukshistorie II (2002): side 141-279.
Tranberg, Anna: Markedsorienterte bondenæringer i Norge på 1700-tallet, i Bol og by, Landbohistorisk tidsskrift, ( Kerteminde 1997), s. 106 -127.
Avdem, Anna Jorunn/Kari Melby: Oppe først og sist i seng (1985) s. 100-126 og 154-180.
*Almås, Reidar: Bygdesosiologi (1985), side 15-77 og s.133-197.