KRL - KULTURAR OG VERDIAR

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
KRL - KULTURAR OG VERDIAR

Studiepoeng
30

Organisering
Studiet har to modular på 15 studiepoeng kvar. Dei to modulane går parallelt. Delar av studiet er nettbasert. Studentane må ha tilgang til internett.

Modul 1: Noreg – eit fleirkulturelt samfunn 15 stp.
Modul 2: KRL – utdjuping av religions og livssynsområda 15 stp.
Ein vesentleg del av modul 1 er felles med modul 1 i studiet ”Fleirkulturell forståing”.


Innleiing

KRL - kulturar og verdiar er eit tverrfagleg studium der KRL er hovudfaget. Samfunnsfag og pedagogikk medverkar i modul 1.

Målgruppe

Allmennlærarar eller faglærar

Mål for studiet

Mål for modul 1: Utvikle grunnleggjande fagleg og didaktisk innsikt for lærarar, knytt til utfordringar og moglegheiter i eit fleirkulturelt samfunn. Utvikle evne til forståing og handling knytt til etiske problemstillingar og antirasistisk arbeid

Mål for modul 2: Utvikle og utdjupe kunnskap og innsikt knytt til religions- og livssynsområda i vår tid, slik at studiet gir ei reflektert haldning til eiga samtid.

Opptakskrav / krav til forkunnskapar

Lærarutdanning (allmennlærar, faglærar, praktisk-pedagogisk utdanning eller førskulelærar med paps 1 og 2).

Innhald / oppbygging

Kvar modul går over to semester. I modul 1 er emna ”Kva er kultur”, ”Kvifor migrasjon?” ”Majoritet – minoritetsdynamikk” og ”Etikk og haldningsskapande arbeid” felles med modul 1 i studiet Fleirkulturell forståing. ”Fagdidaktikk” er eige emne i modul 1, KRL - kulturar og verdiar. I modul 2 har studentane høve til å velje fagleg fordjuping innanfor eit sjølvvald emne. Innhald/oppbygning til kvar modul i emneomtalane.

Undervisnings- og læringsformer

Det er fire til fem samlingar til modul 1 og arbeid i lokale grupper. Modul 2 har undervisning gjennom året. Undervisninga vil vere støtta av arbeid på Classfronter, lokale samlingar og individuelt arbeid. Arbeidskrav skal leverast på Classfronter.

Praksis

Studiet inneheld to veker praksis for studentar i allmennlærarutdanninga.

Arbeidskrav

Deler av undervisninga er obligatorisk. Kva deler dette gjeld, går fram av semesterplanen.

Oppmøte til samlingane i modul 1 er obligatorisk. Arbeidskrav til kvar modul i emneomtalane.

Sluttvurdering

Sjå emneomtale.

Pensum

Rettleiande liste kjem ved studiestart.

KRL-KULTURAR OG VERDIAR
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
LI340 KRL - KULTUAR OG VERDIAR MODUL 1: Noreg
– eit fleirkulturelt samfunn?
15,00 O 7.5 7.5
LI341 KRL - KULTURAR OG VERDIAR MODUL 2:
Utdjuping av religions og livssynsområda
15,00 O 7.5 7.5
Sum: 15 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne