Vidareutdanning for allmennlærarar eller faglærarar, valfritt emne i allmennlærarutdanninga.
Studentar som har Kunst og handverk I frå og med rammeplan av 1999 vil få det innpassa som 15 studiepoeng i studiet. Desse studentane kan få godskrive arbeidskrav som er godkjent i Kunst og handverk I, på dette kurset.
Allmennlærarar eller faglærarar
Studentane skal utvikle eigen kunst- og handverksfagleg kompetanse og kunne ivareta den estetiske dimensjonen i skulen.
Lærarutdanning (allmennlærar, faglærar, praktisk-pedagogisk utdanning eller førskulelærarar med fullført PAPS I og II)
Studiet inneheld følgjande arbeidsområde:
Visuell kommunikasjon, design, kunst, arkitektur, fagdidaktikk.
Innanfor desse områda vert det arbeidd med to- og tredimensjonale uttrykk, til dømes i bilde, skulptur og i bruksform.
Individuelt praktisk, skapande arbeid under rettleiing.
Førelesingar og demonstrasjonar.
Undervisning og arbeid i grupper av ulik samansetjing.
Fagteoretiske oppgåver. Sjølvstudium er ein vesentleg del. Det kan arrangerast korte ekskursjonar knytt til nærmiljøet. Eigenkostnad. Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) blir nytta som arbeids- og læringsverktøy i studiet.
Studiet inneheld to veker praksis for studentar i allmennlærarutdanninga.
Utprøving av faglege problemstillingar i skulesamanheng. Arbeidet i praksis skal vere tett knytt til innhold i studiet.
- Ein bildedokumentasjon inkludert logg og portefølje (skisser, prøver, etc.) frå eit av arbeidsområda
- Ein skulpturdokumentasjon inkludert logg og portefølje (skisser, prøver, etc.) frå eit av arbeidsområda
- Ein bruksformdokumentasjon inkludert logg og portefølje (skisser, prøver, etc.) frå eit av arbeidsområda
- Kunst og formkulturdokumentasjon
- Ei fagteorioppgåve
- Praksis, praksisførebuing og etterarbeid
Alle arbeidskrava er individuelle. Deler av undervisninga er obligatorisk. Kva delar dette gjeld, går fram av semesterplanen.
Materialavgift
Studentane må betale den materialavgift som til ei kvar tid er bestemt av dekan.
Eksamen er todelt, og begge delane må vere greidd:
FO351 001 Individuell utstilling av arbeidskrav.
Vekting: 60%
FO351 002 Individuell munnleg eksamen med utgangspunkt i kunst og formkulturdokumentasjon.
Vekting: 40%
Førebels pensumliste skal liggje føre ved studiestart. Endeleg pensumliste skal liggje føre innan oppmeldingsfristen til eksamen.