MUSIKK, MU300

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
MUSIKK, MU300

Studiepoeng
30

Organisering
Studiet er organisert som deltidsstudium over eitt år.

Innleiing

I alle kulturar vi kjenner til, har musikk ein sentral plass. Lytting til og skaping av musikk er ei kjelde til glede og til oppleving av meining, identitet og kulturell tilhøyrsel. Musikkfaget i grunnskolen skal gje alle born og unge høve til å oppleve og ta del i musikk som kunstnarleg uttrykk, samfunnsuttrykk og samværsform.

Gjennom arbeidet med musikk i lærarutdanninga skal studentane tileigne seg fagleg og teoretisk kunnskap, praksiserfaring og didaktisk kompetanse for arbeid med musikk i grunnskolen. Dei må ha kjennskap til den musikalske kulturarven, til musikk som samfunnsfenomen og som pedagogisk reiskap. Dei skal også tileigne seg eit grunnlag for vidare fagleg vekst og for å kunne ta aktivt del i kultur- og skuleutvikling. Arbeidet med faget må omfatte dei aktivitets- og erkjenningsformene vi finn i musikkfaget i læreplanverket for grunnskulen.

 

Kompetanse / formell grad

Vidareutdanning

Målgruppe

Lærarar, vidareutdanningsstudentar og allmennlærarstudentar i 3. og 4. studieår

 

Mål for studiet

Studenten skal

  • tileigne seg kunnskap om musikk frå ulike tider og i ulike kulturar og kjenne historia til musikkfaget
  • utvikle eigen kompetanse i song og ha eit variert repertoar av songar
  • kunne bruke varierte klasseromsinstrument og tekniske og elektroniske hjelpemiddel
  • kunne leike og danse og kjenne eit utval tradisjonelle og moderne leikar og dansar frå vår eigen og andre kulturar
  • kunne improvisere, komponere, framføre og vurdere dans til ulike typar musikk
  • kunne arrangere og leggje til rette musikalsk materiale
  • kunne planleggje, gjennomføre og vurdere undervisning i musikk og dans i samsvar med læreplanverket for grunnskolen
  • kunne leie samspel / samsong og akkompagnere unison og fleirstemt song
  • kunne stimulere barn til aktiv lytting til musikk innanfor ulike sjangrar og historiske epokar, til samisk musikk og joik og til minoritetskulturar i Noreg sin musikk
  • kunne rettleie barn i komponeringsaktivitetar
  • kunne leggje til rette for musikalsk utvikling hjå barn og unge med ulike føresetnader og med ulik bakgrunn
  • kunne bruke musikk og dans i ulike former for tverrfagleg samarbeid og i tema- og prosjektarbeid
  • kunne utøve samhandling og refleksjon ved å:

- analysere og diskutere musikk med barn og foreldre / føresette

- reflektere over samanhengen mellom mål og innhald i musikkfaget og kunne grunngje innhald og arbeidsmåtar i faget

- analysere og vurdere eiga læring og sjå den i samanheng med læringa til elevane

- ta del i fagleg utviklingsarbeid i musikk

 

Innhald / oppbygging

Musikk inneheld 5 hovudemne:

  • Musikkutøving
  • Høyrelære og musikkteori
  • Musikkskaping / Komponering
  • Musikkorientering
  • Fagdidaktikk

Arbeidet med målområda skal sikre eit vekselspel mellom teoretisk kunnskap, praksiserfaring, studenten sitt eige arbeid, faglege oppgåver og didaktisk refleksjon. I tillegg til å kunne utvikle seg vidare i musikkfaget, skal studiet gje studenten innsikt i dei faglege og pedagogiske føresetnader som må vere til stades for å kunne arbeide med musikk som klasselærar i grunnskulen og høve til å kunne forstå musikken sin plass i skule, samfunns og kulturliv og i oppdraginga.

 

Undervisnings- og læringsformer

skal gje røynsle med lytting, spel, song og dans og gje grunnlag for å kunne analysere røynslene og bruke dei i nye samanhengar. Studiet er i hovudsak lagt på praktisk, skapande og utøvande arbeid, både fagspesifikt og didaktisk.

Undervisninga vil gå føre seg i seminargruppe og basisgruppe/eventuelt individuelt. Studiet er organisert slik at kvar einskild skal kunne få størst mogleg utbyte gjennom ulike gruppesamansetjingar, tilpassa opplæring, fritaksordningar osb. og byggjer på studenten si interesse for musikk, og at studenten skal kunne nytte musikk i sitt arbeid som klasselærar i grunnskulen

 

Praksis

skal gje studenten røynsle med musikkundervisning og høve til å sjå og reflektere over musikken sin plass i skulen ved sida av å utvikle samarbeid mellom studentgruppe, faglærar og øvingslærar. Dette skjer ved at studentane får høve til å prøve ut eigne opplegg i grunnskulen og at studentane får vere med å planleggje og gjennomføre eventuelle fellesopplegg.

 

Studiet inneheld to veker praksis for studentar i allmennlærarutdanniga.

Arbeidskrav

Deler av undervisninga er obligatorisk. Kva deler dette gjeld, går fram av semesterplanen.

  • dokumentert pensumkrav i akkompagnementsinstrument
  • kontrollprøve i musikkteori (etter 1. semester)
  • skriftlege heimeoppgåver i arrangering og musikkteori

 

Eit utval av arbeidskrava skal utgjere deler av mappa. Sjå under sluttvurdering.

 

 

Sluttvurdering

MU300 001 Individuell skriftleg eksamen i musikkorientering (etter 1. semester)
Eksamenstid: 5 timar
Vekting 25%

MU300 002 Gruppeeksamen i musikkutøving
24 timar førebuing
Vekting 50%

MU300 003 Individuell mappevurdering
Vekting 25%
Innhald:
eigenutviklingsprosjekt (framføring og rapport)
leiing av 1 - 2 musikkaktivitetar
utval av arrangement og komposisjonar i partitur

 

 

Pensum

Førebels pensumliste skal vera klar ved studiestart. Endeleg pensumliste skal ligge føre innan oppmeldingsfristen til eksamen. For vårsemesteret er denne fristen 15.februar.