FRILUFTSLIV, 3. ÅR BACHELOR
1 år heiltidsstudium. Haustsemester - Friluftsliv fordjuping. Vårsemester – Valfrie emne.
Studiet utgjer eit årsstudium som inngår i bachelorstudiet i friluftsliv.
Studiet skal gi studentane ei fordjuping i aktivitetar som klatring og brevandring der vegledarrolla er sentral. Studiet skal og gje studentane ei innføring i vitskapeleg utviklingsarbeid innan friluftsliv.
Fullført 2. år bachelor friluftsliv eller tilsvarande.
Haustsemester
Fordjupingsprosjekt friluftsliv - 15 studiepoeng
Fordjuping fjell/bre/klatring og vegledarrolla - 15 studiepoeng
Vårsemester, 30 sp
Her kan studentane velje ulike emne.
Aktuelle emne er mellom anna: Tilpassa friluftsliv i nærmiljø - 15 studiepoeng, Fysisk aktivitet for barn og unge - 5 studiepoeng. Andre emne innafor idrett, naturfag, reiseliv, eller studieopphald i utlandet.
Nærare omtale av innhaldet i haustsemesteret går fram av emneomtalane
Hovudarbeidsforma i dei teoretiske emna vil vere førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. På turar og ekskursjonar vil metodiske vurderingar stå sentralt, saman med høg eigendugleik og meistring av ferdigheitar innan friluftsliv. Praktisk og teoretisk lærestoff blir integrert i timane.
Arbeidsoppgåver knytt til praktisk aktivitet blir samla i ei arbeidsmappe som følgjer studiet. Studentane får framleggingsoppgåver og innleveringsoppgåver gjennom studiet som skal stimulere til eigenaktivitet. Det vert forventa at studentane tek ansvar både for planlegging og føring av turar i ulike miljø.
Høgskulen har utvekslingsavtalar med universitet og høgskular i Australia og i Norden gjennom Erasmus og Nordplus- programma. Det er lagt til rette for studieopphald i utlandet i dei valfrie emna i vårsemesteret.
Arbeidskrava går fram av emneomtalane
Sluttvurderinga går fram av emneomtalane
Pensum går fram av emneomtalane