Obligatorisk emne i informasjonsbehandling, valfritt i økonomi og informasjonsbehandling.
Etter studiet skal studentane ha kunnskap om:
• analyse av informasjonsbehov og -straumar
• metodar for utvikling av informasjonssystem
• modellar for gjennomføring av systemutviklingsprosjekt
• prosjektplanlegging
• estimering av prosjektkostnader
• ulike former for kontorstøttesystem
• ulike økonomisk/administrative system
• strategiske informasjonssystem
• bruk av informasjonssystem i planlegging.
Dette emnet er grunnleggjande for heile studiet i
informasjonsbehandling, og tek sikte på å gje ei forståing av korleis
eit informasjonssystem er oppbygd, korleis det vert utvikla og
korleis det verkar i ein organisasjon.
Informasjonsanalyse, dvs. kartlegging av informasjonsbehov,
- straumar og mogelege informasjonskjelder vil vere sentralt i
emnet.
Ulike metodar for systemutvikling vert drøfta, saman med sentrale
omgrep som kvalitetssikring og prosjektstyring.
Strategisk bruk av informasjonsteknologi vil óg verte lagt vekt på.
Aktuelle verksemder for studiet av informasjonssystem vil vere
mindre bedrifter, offentlege institusjonar og ulike typar skular.
Førelesingar, gruppearbeid.
Heimeeksamen i gruppe 8 dagar.
Skriftleg skuleeksamen, 6 timar.
Lovlege hjelpemiddel: Alle trykte og skrivne.
Kvar del tel 50%.
Begge delar må vere greidde for at kurset skal vere greidd.
Det er høve til å ta om att berre ein del av eksamen.
Endeleg pensum vert oppgjeve ved oppstart av emnet.
Aktuell litteratur kan vere:
Alter , Steven: Information Systems (4. edition)
Bræk et al.: Håndbok i systemarbeid
Stevens, Perdita: Using UML
Arbeidstilsynet: Arbeidsmiljølovens §12
Arbeidstilsynet: Arbeidsplasser ved skjermterminal
Datatilsynet: Personopplysningsloven