Obligatorisk emne i 1. semester i informasjonsbehandling.
Etter studiet skal studentane ha kunnskap om:
• korleis datamaskinen er bygd opp
• dei ulike maskinvarekomponentane og korleis desse funksjonerer
• grunnleggjande termar og tekniske komponentar innan
datakommunikasjon
• prinsippa for eit filsystem
• oppbygginga av operativsystem, og innsikt i styring av
utstyrseiningar og prosessar
• OSI-modellen
• behovet for og styring av delte ressursar (disk, skrivar)
• oppbygginga og strukturen i lokale nettverk (LAN)
• praktisk bruk av LAN
• oppbygginga og praktisk bruk av internett
Emnet skal gje ei innføring i oppbygginga og verkemåten til
datamaskinen, og grunnleggjande sider ved eit operativsystem.
Kommunikasjonsdelen vil sjå på heile telematikkomgrepet og ta føre
seg dei viktigaste formene for flytting av data mellom givar og
mottakar, både i lokale datanett og i nasjonale og internasjonale
kommunikasjonssystem.
Førelesingar, gruppearbeid. Emnet er i stor grad basert på internett,
spesielt gjeld dette nedlasting og utprøving av verktøy og
programvare.
Godkjende oppgåver/øvingar
Arbeidet med øvingsoppgåvene er sentralt i kurset
Skriftleg skuleeksamen, 6 timar.
Lovlege hjelpemiddel: Ingen.
Vert oppgjeve ved oppstart av emnet.
Aktuell litteratur kan vere:
Elboth, David: Boken om Linux, IDG Norge Books, 7. utg. 2004.
Kjos, Bård (red): Innføring i informasjonsteknologi, Tapir akademiske forlag, 4. utg. 2003.
Mikalsen, Arne og Borgesen, Per: Local Area Network -
Management, Design and Security, Wiley 2002
Nutt, G: Operating Systems, Addison Wesley, 2002.
Tanenbaum, Andrew S: Computer Networks - fourth edition ,
Prentice Hall, 2003.
Kompendium/notat.