Study Programmes 05/06 / Courses / FACULTY OF ECONOMICS AND LA... / IN630 MENNESKE-MASKIN SAMHANDLING  

IN630 MENNESKE-MASKIN SAMHANDLING

Kode
IN630

Namn
MENNESKE-MASKIN SAMHANDLING

Studiepoeng
15.00

Kategori
Obligatorisk emne i 2. semester i informasjonsbehandling.

Tid
Vår

Mål for emnet

Etter studiet skal studentane kjenne prinsippa for:
• teknikkar og retningsliner for god systemdesign
• design av interaktive system, også for nye teknologiar
• utvikling av vev-sider og navigasjon
• krav til programvare som skal formidle kunnskap
• generelle krav til grensesnitt
• utvikling av multimedia-system
• utvikling av pedagogisk programvare
• vurdering av brukargrensesnitt og kvalitet på programvare

Forkunnskapar

Undervisninga byggjer på IN610 og IN640.

Innhald / oppbygging

Utforming av brukargrensesnitt får ein brei plass, både for
tradisjonell programvare, vev-basert programvare og nye
teknologiar som wap, pde og liknande. Ulike verktøy for slik
utforming og evaluering vert utprøvde. Programdesign med spesiell
vekt på pedagogisk programvare vil vere grunnleggjande.
Studentane skal vere i stand til å vurdere kvaliteten på ulike typar
programvare, ikkje berre pedagogisk. Utvikling av multimediasystem
vert gjennomgått, der kommunikasjonen med brukarane vil
vere særleg sentral.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppearbeid. Emnet er i stor grad basert på
Internett, spesielt gjeld dette nedlasting og utprøving av verktøy og
programvare.

Arbeidskrav

Godkjende oppgåver/øvingar
Arbeidet med øvingsoppgåvene er sentralt i kurset

Sluttvurdering

Heimeeksamen i gruppe over 8 dagar med høve til å bli trekt ut til
munnleg høyring.

Pensum

Vert oppgjeve ved oppstart av emnet.
Aktuell litteratur kan vere:

Dix, Alan et al: Human-Computer Interaction, Pearson, ed 3, 2004.
Sharp, Preece og Rogers: Interaction Design – beyond human-computer
interaction,Wiley, 2002.
Schneiderman, Ben og Plaisant, Catherine: Designing the User Interface: Strategies for
Effective Human-computer Interaction, Addison-Wesley, 2005.
Minken, I. og Stenseth, B.: Brukerorientert programdesign.
Nasjonalt læremiddelsenter, 1998.
Turban, Efraim og Aronson, Jay E.: Decision Support Systems and
Intelligent Systems. Prentice-Hall, 1998.
Spence, R: Information Visualization, Addison Wesley, 2001.
Newman, W og Lamming, M: Interactive System Design, Addison
Wesley, 2002.
Rees, M, White, A og White, B: Designing Web Interfaces Interactive
Workbook,
Prentice Hall, 2001.
Carroll, John M: Human-Computer interaction in the New
Millenium, Addison.Wesley, 2002.
Kompendium/Notat