Valfritt emne i 4. semester i informasjonsbehandling.
Etter studiet skal studentane ha kunnskap om :
• fordeling av oppgåver mellom klient og tenar:
- programmering av tenarar
- programmering av klientar
• tryggleiks- og kontrollproblematikk i databasar og på nettet
• dataorganisering og filstrukturar
• databaseadministrasjon, herunder administrasjon av brukarar,
rollar, profilar og privilegiar
• utvikling og bruk av prosedyrar, funksjonar og pakkar
• feilhandtering
• prinsippa for
- samtidigheitskontroll
- transaksjonshandtering
Undervisninga byggjer på IN640 og IN650.
Emnet gir ei vidareføring av IN640 når det gjeld databasar. Mellom
anna gjeld dette administrering av databasar, og utvikling av
databaseapplikasjonar. Emnet gjev og ei vidareføring om utvikling
av dynamiske vevsider. Sentralt står fordelinga av oppgåver mellom
tenar og klient.
Førelesingar, gruppearbeid.
Godkjende oppgåver/øvingar
Arbeidet med øvingsoppgåvene er sentralt i kurset
Heimeeksamen i gruppe 8 dagar.
Skriftleg skuleeksamen, 6 timar.
Lovlege hjelpemiddel: Ingen.
Kvar del tel 50 %.
Begge delar må vera greidde for at emnet skal vera greidd.
Det er høve til å ta om att berre ein del av eksamen.
Vert oppgjeve ved oppstart av emnet.
Aktuell litteratur kan vere:
Andreassen, Erling: Oracle databaser, filorganisering, databaseadministrasjon og PL/SQL-programmering, NKI-Forlaget, 2002
Choi et al.: Beginning PHP4, Wrox Press, 2000.
Connolly et.al: Database Systems, 4th ed, Addison Wesley, 2005
Hansen, Kjell Toft og Tore Mallhaug: Databaser, Gyldendal Akademisk, 2003
Kompendium/Notat