Valfritt emne i 6. semester i informasjonsbehandling.
Etter studiet skal studentane kjenne til:
- teoriar om sosiale prosessar, læringsteoriar, teoriar knytte til læring i arbeidslivet
- teoriar om datastøtta samarbeid (CSCW) og læring (CSCL)
- organisasjonslæring, lærings- og praksisfellesskap (CoL, CoP)
- gruppevareplattformer og datastøtta/databasert applikasjonar for samarbeid
- styringssystem for læring og innhald (LMS and LCMS)
- design for gjenbruk (Reusable objects)
- datastøtta samarbeid for mobile og fleksible brukarar
- brukartilpassing av gruppevare og læringssystem
- evaluering av samhandlings-, samarbeids- og læringsteknologi
- it-strategi
Undervisninga byggjer på IN610 Informasjonssystem eller tilsvarande.
Emnet skal gje studenten innsikt i datastøtta / databasert samarbeid, samhandling og læring slik at han/ho sjølv vert i stand til å vurdere muleg bruk av datastøtta / databasert samarbeids-, samhandlings- og læringsteknologi i ein organisasjon.
Studenten skal og sjølv kunne nytte denne teknologien til informasjons- og kunnskapsforvaltning, samarbeid, kommunikasjon og læring. Arbeidsplassen som læringsmiljø og integrering av virtuelle kompetansenettverk er og eit viktig felt.
Godkjende innleveringsoppgåver
Arbeidet med øvingsoppgåvene er sentralt i kurset
Skriftleg eksamen som til dels er basert på utlevert fagoppgåve.
Fagoppgåva vert utlevert seinast tre veker før eksamensdagen.
Skriftleg eksamen: 6 timar.
Lovleg hjelpemiddel: Ingen
Vert oppgjeve ved oppstart av emnet.
Aktuell litteratur kan vere:
Alessi, S.M., Trollip, S.R.:”Multimedia for learning. Methods and development”.
Allyn and Bacon. 3.ed. 2001
Laurillard, D: "Rethinking university teaching: a conversational framework for the effective use of learning technologies, Routledge/Falmer, 2nd ed, 2002.
Notat/artiklar