Obligatorisk emne i 6. semester i informasjonsbehandling.
Prosjektarbeidet skal gje studentane realistisk øving i:
- å vurdere og tilrå løysingar
- å bruke og integrere teori og metodar frå ulike delar av studiet
- skriftleg framstilling av kompliserte problemstillingar
- samarbeid og kommunikasjon (med rettleiar og medstudentar)
ME650 Metode. Emnet byggjer dessutan på resten av studiet.
Eit overordna siktepunkt med prosjektarbeidet er å gje studentane innsikt i forskingsprosessen ved sida av det tekniske aspektet ved å produsere ein rapport. Målsettinga er å lage prosjektoppgåver med ein viss grad av vitskapsteoretisk forankring.
Prosjektarbeidet skal elles gi høve til individualisering og fordjuping i ulike retningar for å styrke profesjonsinnrettinga av studiet. Det vert organisert som gruppearbeid, helst med 3 studentar i kvar gruppe. Det vert gjeve rettleiing i alle fasar av arbeidet både for kvar gruppe og meir generelt.
Rettleiing basert på skriftleg materiale.
Prosjektarbeidet kan utførast i samarbeid med næringsliv eller offentleg verksemd, og såleis tene som praksis.
Basert på innlevert prosjektrapport og eventuelt utvikla produkt. Alle studentar som står bak eitt og same arbeid får same karakter.