Obligatorisk emne i 1. semester i økonomi og administrasjon.
Etter at kurset er gjennomført, skal studentane forstå og kunne bruke funksjonsbegrepet. Studentane skal kunne løyse oppgåver med ulike typar funksjonar, t.d. lineære, kvadratiske og rasjonale funksjonar, og potensfunksjonar. I tillegg må ein kunne løyse likningar og ulikskapar der funksjonane inngår.
Derivasjon er eit sentralt tema i kurset. Målet er at studentane skal kunne derivere funksjonar av ulike typar, også samansette funksjonar. Det blir gitt opplæring både i derivasjon av funksjonar av ein variabel, og funksjonar av fleire variablar (partiell-derivasjon). I tillegg til å kunne gjennomføre sjølve derivasjonen, er det viktig å få forståing for kva derivasjon kan brukast til, både i matematikk-kurset, seinare i studiet, og i arbeidslivet.
Det er også eit mål at studentane skal forstå grunnleggjande integrasjon.
Studentane skal meistre rekning med logaritmar og eksponensialfunksjonar, og rekne-oppgåver som inneber bruk av geometriske og aritmetiske rekkjer (t.d. utrekning av terminbeløp for serielån og annuitetslån).
Emnet byggjer på forkurs i matematikk eller tilsvarande.
Funksjonar av ein og fleire variable, derivasjon, integrasjon, optimeringsteknikkar, rekkjer og logaritmar.
Førelesingar og oppgåveløysing.
Det skal leverast inn eitt oppgåvesett til godkjenning. Oppgåva kan gjerast individuelt eller i grupper på max. tre personar. Faglærar er ansvarleg for godkjenninga.
Skriftleg eksamen, 5 timar. Bokstavkarakterar.
Lovlege hjelpemiddel til eksamen: Alle trykte og skrivne. Kalkulator (programmerbar).
Pensum blir oppgjeve ved kursstart.
Mest sannsynleg blir pensum:
Bjørnestad, Olsson, Søyland, Tolcsiner: Matematikk for økonomi og samfunnsfag.