JU 6-100 Forretningsjus

Kode
JU 6-100

Namn
Forretningsjus

Studiepoeng
5.00

Kategori
Obligatorisk emne i 2. semester i økonomomi og administrasjon, økonomi og informasjonsbehandling og turisme og reiseliv.

Tid
Vår


Mål for emnet

Emnet skal gje ei grunnleggjande innføring i sentrale rettsreglar som gjeld i næringsverksemd og korleis eit føretak kan tilpassa seg til desse reglane i praksis. Det blir lagt særleg vekt på rettstilhøva til kundar og kreditorar.

Forkunnskapar

Ingen spesielle.

Innhald / oppbygging

Rettskjeldelære, hovudpunkt i avtaleretten, hovudpunkt i kjøpsretten, selskapsrett: ANS, AS og ASA, kreditt-, garanti- og pengekravsrett, panterett, gjeldsforhandling og konkurs.

Kjerneområda ovanfor skal supplerast med minst eitt av følgjande tema:

Erstatningsrett, EØS-rett, arbeidsrett.

Undervisnings- og læringsformer

Stoffet blir i hovudsaka presentert gjennom førelesingar. I tillegg kjem øvingsoppgåver/ "cases". Gruppearbeid vil bli nytta for å visa bruken av rettsreglane i praksis.

Arbeidskrav

Ei innleveringsoppgåve i løpet av kurset må vera godkjend av faglærar før kandidaten kan gå opp til avsluttande eksamen.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 4 timar.

Pensum

Knophs oversikt over Norges rett , siste utgåve.