OR642 Personalleiing

Kode
OR642

Namn
Personalleiing

Studiepoeng
6.00

Kategori
Valfritt emne ved det 1-årige studiet i helse- og sosialforvaltning, som blir gjennomført av dei folkeuniversiteta som har samarbeidsavtale med Høgskulen i Sogn og Fjordane om dette studiet.

Mål for emnet

Etter fullført kurs skal studentane vere i stand til å gjere greie for og drøfte sentrale omgrep og problemstillingar innan personalleiing. Dei skal kunne sjå personalarbeidet i ein organisasjonsmessig samanheng. Kurset skal vidare gje kunnskapar som gjev føresetnader for å ta seg av personaladministrative oppgåver på ein måte som fremjar effektivitet, trivsel og kompetanseheving i ein organisasjon.

Innhald / oppbygging

Historisk utvikling av faget personalleiing, sentrale omgrep og spørsmål. Strategisk personalleiing, personalpolitikk, personalplanlegging og informasjonsteknologi som verktøy, verkemiddel i personalleiing: Rekruttering, læring og personalutvikling, motivasjons- og belønnings- system, karriereplanlegging og personalavvikling. Framtidig personalleiing.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, sjølvstudium og oppgåveløysing.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 4 t. Bokstavkarakter

Pensum

Grimsø, Rigmor (1996): Personaladministrasjon. Teori og Praksis. Oslo: Universitetsforlaget.
Kile, Svein M. (1991): ”Helsefarlig lederskap”. I Lundberg (red.): Personalledelse. Oslo: Bedriftsøkonomens forlag.