BØ642 Praktisk økonomistyring

Kode
BØ642

Namn
Praktisk økonomistyring

Studiepoeng
6.00

Kategori
Obligatorisk emne ved det 1-årige studiet i helse- og sosialforvaltning, som blir gjennomført av dei folkeuniversiteta som har samarbeidsavtale med Høgskulen i Sogn og Fjordane om dette studiet.

Mål for emnet

Kurset skal vere ei praktisk innføring i budsjettering, rekneskap og dataverktøy i økonomistyringa i kommunane. Kurset skal gjere studentane i stand til å gjennomføre ein budsjettprosess på institusjonsnivå og forstå dei prisnippa som ligg bak eit kommunebudsjett. Vidare skal studentane kunne nytte dataverktøy til budsjettering, rekneskapsføring og rapportering.

Innhald / oppbygging

Innføring i budsjettering, budsjetteringsprinsipp og budsjetterings-prosessar. Kommunebudsjett, kommunal budsjettering og institusjonsbudsjett. Generelle rekneskapsprinsipp, kommunal rekneskapsføring, avviksanalyse og årsrapportering. Bruk av rekneark og anna aktuell programvare

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar og oppgåveløysing.

Sluttvurdering

Skuleeksamen 4 t. Bokstavkarakter

Pensum

Sunde, Ø. Kommuneregnskapet. Orkanger: Grytting AS: 2. utgave 2001.
Busch, Tor; Johnsen, Erik og Vanebo, Jan Ole: Økonomistyring i det offentlige. 2.utgave, Tano Achehoug 1999.
I tillegg må studentane gjere seg kjende med budsjett og rekneskapen for eigen kommune og institusjon.