JU611 Helse- og sosialrett

Kode
JU611

Namn
Helse- og sosialrett

Studiepoeng
9.00

Kategori
Valfritt emne ved det 1-årige studiet i helse- og sosialforvaltning, som blir gjennomført av dei folkeuniversiteta som har samarbeidsavtale med Høgskulen i Sogn og Fjordane om dette studiet.

Mål for emnet

Kurset skal gje studentane innsyn i juridisk metode og tenkjemåte.Særleg skal studentane lærast opp til å lesa reglar. Ein regel består av to delar, ein vilkårsdel og ein verknadsdel. Studentane skal læra å tenke vilkår/verknad. Gjennom kurset vil ein gå gjennom dei viktigaste reglane innan helse- og sosialretten, og splitte reglane opp i vilkår/verknad. Studentane skal også lære forskjellen på materielle reglar og sakshandsamingsreglar.

Innhald / oppbygging

Materielle hovudreglar frå pasientrettighetslova, helsepersonelllova, lov om psykisk helsevern, kommunehelsetenestelova, tannhelsetenestelova, folketrygdlova, sosialtenestelova og barnevernlova.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar der ein tek utgangspunkt i arbeidet med lovtekst. Studentane skal hente tilleggsinformasjon frå internett, det vil seia heimesidene til Lovdata, Stortinget, Sosialdepartementet, Helsedepartementet og Helsetilsynet.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 5 timar. Bokstavkarakterar. Lovlege hjelpemiddel ved eksamen; Lovsamling eller særtrykk av lover, reine rettskrivingsordlister

Pensum

Norges lover : lovsamling for helse- og sosialsektoren .(Red. Syse, Aslak) Bind nr: 2002-2003 Oslo: Gyldendal Akademisk, c2001.
Studentane må vidare ha tilgang på internett for å kunne kikke på lovforarbeid, høysterettdommer og departementale rundskriv.

Suppl.pensum/alternativt pensum: Vert lagt opp av faglærar