Obligatorisk emne ved det 1-årige studiet i helse- og sosialforvaltning, som blir gjennomført av dei folkeuniversiteta som har samarbeidsavtale med Høgskulen i Sogn og Fjordane om dette studiet.
Kurset i prosjektadministrasjon skal gje innsikt i prosjektarbeid som organisasjonsform, og syne korleis denne skil seg frå andre arbeidsformer i offentleg sektor. Etter avslutta kurs skal studentane vere i stand til å avlaste fagtilsette med administrative oppgåver i prosjektarbeid.
Prosjektarbeid og rutinearbeid, planlegging av prosjektarbeid, prosjektorganisering, prosjektstyring og prosjektledelse
Forelesingar, gruppearbeid, presentasjonar og drøftingar av prosjekt i offentleg regi. Utforming av eit prosjekt på eigen arbeidsplass.
Vurdering av innlevert prosjektarbeid. Bokstavkarakter
Faglærar velgjer ei av bøkene:
Jessen, Svein Arne (2001): Mer effektivt prosjektarbeid i offentlig og privat virksomhet 2.utg.Oslo: Universitetsforl., c2001.
Jessen, Svein Arne (2002): Prosjektadministrative metoder - 5. utg.
Oslo : Gyldendal Akademisk, 2002.