Study Programmes 05/06 / Courses / FACULTY OF ECONOMICS AND LA... / Kurs HSF Oppdrag / OR658 Arbeidslivskunnskap og personalleiing  

OR658 Arbeidslivskunnskap og personalleiing

Kode
OR658

Namn
Arbeidslivskunnskap og personalleiing

Studiepoeng
12.00

Kategori
Valfritt emne ved det 1-årige studiet i helse- og sosialforvaltning, som blir gjennomført av dei folkeuniversiteta som har samarbeidsavtale med Høgskulen i Sogn og Fjordane om dette studiet.

Mål for emnet

Etter fullført kurs skal studentane vere i stand til å gjere greie for og drøfte sentrale omgrep og problemstillingar innan personalleiing. Dei skal kunne sjå personalarbeidet i ein organisasjonsmessig samanheng. Kurset skal vidare gje kunnskapar som gjev føresetnader for å ta seg av personal-administrative oppgåver på ein måte som fremjar effektivitet, trivsel og kompetanseheving i ein organisasjon. Studentane skal også verta i stand til å analysere og forstå sosiale prosessar som kan oppstå i ein arbeidssituasjon, og kjenne til måtar å handtere mogelege konfliktsituasjonar mellom kolleger og mellom arbeidsgjevar og tilsett.

Innhald / oppbygging

Historisk utvikling av faget personalleiing, sentrale omgrep og spørsmål. Strategisk personalleiing, personalpolitikk, personalplanlegging og informasjonsteknologi som verktøy, verkemiddel i personalleiing: Rekruttering, læring og personalutvikling, motivasjons- og belønnings- system, karriereplanlegging og personalavvikling. Framtidig personalleiing. arbeidsmiljø, konflikthandtering, forhandlingssystemet mellom partane i arbeidslivet .

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, sjølvstudium, casegjennomgang og oppgåveløysing.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 5 t. Bokstavkarakter

Pensum

Grimsø, Rigmor (1996): Personaladministrasjon. Teori og Praksis. Oslo: Universitetsforlaget.
Kile, Svein M. (1991): ”Helsefarlig lederskap”. I Lundberg (red.): Personalledelse. Oslo: Bedriftsøkonomens forlag.
Larsen, Rolf-Petter: Konflikter og uenighet på arbeidsplassen, Oslo : Cappelen akademisk forl., 1999.
Wig, Bjarne Berg: (1999): Det uslåelige arbeidslaget. [Oslo] : Tiden, 1999.

Pensum i arbeidsmiljø og tilhøvet mellom partane i arbeidslivet vert tilrettelagt av faglærar