Valfritt emne ved det 1-årige studiet i helse- og sosialforvaltning, som blir gjennomført av dei folkeuniversiteta som har samarbeidsavtale med Høgskulen i Sogn og Fjordane om dette studiet.
Studiet skal gje innsyn i allmenne lover for kommunal og statleg verksemd og skal leggje grunnlag for ei forståing av dei viktigaste generelle rettsreglane som gjeld for offentlege organisasjonar og institusjonar. Vidare skal studentane få innsyn i ulike former for sakshandsaming og sakshandsaming i praksis. Kurset skal også gje studentane innsyn i juridisk metode og tenkjemåte. Særleg skal studentane lærast opp til å lesa reglar. Ein regel består av to delar, ein vilkårsdel og ein verknadsdel. Studentane skal læra å tenke vilkår/verknad. Gjennom kurset vil ein gå gjennom dei viktigaste reglane innan helse- og sosialretten, og splitte reglane opp i vilkår/verknad. Studentane skal også lære forskjellen på materielle reglar og sakshandsamingsreglar.
Hovudvekta vert lagt på følgjande lover: Forvaltningslova, Offentleglova, og Arbeidsmiljølova. I tillegg oversyn over rettssystemet, rettskjelder og rettssosiologi.
Materielle hovudreglar frå pasientrettighetslova, helsepersonelllova, lov om psykisk helsevern, kommunehelsetenestelova, tannhelsetenestelova, folketrygdlova, sosialtenestelova og barnevernlova
Forelesingar knytt til offentleg sakshandsaming.
Forelesingar der ein tek utgangspunkt i arbeidet med lovtekst. Studentane skal hente tilleggsinformasjon frå internett, det vil seia heimesidene til Lovdata, Stortinget, Sosialdepartementet, Helsedepartementet og Helsetilsynet.
Skriftleg eksamen, 6 t. Bokstavkarakter
Lovlege hjelpemiddel ved eksamen; Lovsamling eller særtrykk av lover, reine rettskrivingsordlister
Ertzaas, Ulf (1995): Offentlighetsloven. Oslo: Ad Notam Gyldendal.
Woxholth, Geir (1999): Forvaltningsloven med kommentarer. 3. utgåve. Oslo: Ad notam Gyldendal.
Ertzaas, Ulf (1995): Arbeidsmiljøloven. Oslo: Ad Notam Gyldendal. Del 1.
Fretland, Jan Olav (1994): På saklista : nynorsk språk- og dokumentlære for lokalforvaltninga. Bergen: Fagbokforlaget (finst òg i bokmålsutgåve).
Bukve, Oddbjørn (1997): ”Del 5: Avgjerdsprosessen 1: Sakshandsaming” i Kommunal forvaltning og planlegging. 3.utgåve. Oslo: Samlaget.
Norges lover : lovsamling for helse- og sosialsektoren .(Red. Syse, Aslak) Bind nr: 2002-2003 Oslo: Gyldendal Akademisk, c2001.
Studentane må vidare ha tilgang på internett for å kunne kikke på lovforarbeid, høysterettdommer og departementale rundskriv.
Suppl.pensum/Alternativt pensum: Vert lagt opp av faglærar