Obligatorisk emne ved det 1-årige studiet i helse- og sosialadministrasjon, som blir gjennomført av dei folkeuniversiteta som har samarbeidsavtale med Høgskulen i Sogn og Fjordane om dette studiet.
Kurset går over to semester (haust-vår). For deltidsstudentar går kurset dei to første semestera i eit fireårig studieløp. For fulltidsstudentar går kurset dei to første semestera i eit toårig studieløp.
Målet er å gje studentane ei forståing av korleis organisasjonar fungerer, internt og i forhold til omgjevnadene. Dette inneber at ein skal lære om sentrale problemområde, hypotesar og undersøkingar der oppbygging av organisasjonar og deira verkemåte er sentrale. Personalforvaltning og personalleiing skal sjåast som ein lekk i organisasjonsforståinga. Kurset skal gje kunnskapar som gjer det mogeleg å ta på seg personaladministrative oppgåver i ein organisasjon.
I kurset deltek studentane på samlingar med førelesingar og gruppearbeid i organisasjons- og personalspørsmål. Studentane skal gjere eit obligatorisk arbeidskrav.
Studentane skal gjera ei oppgåve i form av eit notat dei skal skrive til sin næraste overordna. I notatet skal dei drøfte eit organisasjons- eller personalspørsmål som er relevant for deira eigen arbeidsplass. Notatet skal godkjennast av faglærar
Individuell skriftleg eksamen på 4 timar.
Bukve, Oddbjørn (1997): Kommunal forvaltning og planlegging. Del 1. 3.utgåve. Oslo: Samlaget.
Ertzaas, Ulf (1995): Arbeidsmiljøloven. Oslo: Ad Notam Gyldendal.
Grimsø, Rigmor (1996): Personaladministrasjon. Teori og Praksis. Oslo: Universitetsforlaget.
Jacobsen, Dag Ingvar og Jan Thorsvik (2002): Hvordan organisasjoner fungerer. Innføring i organisasjon og ledelse. Bergen: Fagbokforlaget.
Kile, Svein M. (1991): ”Helsefarlig lederskap”. I Lundberg (red.): Personalledelse. Oslo: Bedriftsøkonomens forlag.
Alternativt pensum:
Studentar som har teke kurs i grunnutdanninga der heile eller delar av pensum ovanfor er nytta, skal nytte desse bøkene:
Eriksen, Erik Oddvar (1999): Kommunikativ ledelse : om verdier og styring i offentlig sektor. Bergen-Sandviken: Fagbokforl.
Hatch, Mary Jo (2001): Organisasjonsteori. Moderne, symbolske og postmoderne perspektiver. Oslo: Abstrakt forlag.
Morgan, Gareth (1991): Organisasjonsbilder. Oslo: Universitetsforlaget.
I tillegg bør studentane gjere seg kjende med organisasjonsplanar, stillingsinstruksar og personalreglement i eigen organisasjon.
Bruk alltid siste utgåve av ei bok!