Obligatorisk emne ved det 1-årige studiet i helse- og sosialadministrasjon, som blir gjennomført av dei folkeuniversiteta som har samarbeidsavtale med Høgskulen i Sogn og Fjordane om dette studiet.
Kurset går over to semester (vår-haust). For deltidsstudentar går kurset det andre og tredje semesteret i eit fireårig studieløp. For fulltidsstudentar går kurset det andre og tredje semesteret i eit toårig studieløp.
Målet er å gje studentane inngåande kjennskap til kommunesektoren som politisk, økonomisk og juridisk system. Studentane skal få teoretisk og praktisk kunnskap om kva som særpregar kommunesektoren som politisk/administrative einingar og dei viktigaste almenne lovene og rettsprinsippa for statleg og kommunal verksemd. Studentane skal også få ei innføring i grunnprinsippa for finansiering av kommunesektoren, budsjetterings- og rekneskapssystema.
I kurset deltek studentane på samlingar i der søkelys vert sett på generelle spørsmål knytte til kommunalkunnskap, sakshandsaming og økonomitilknytte problemstillingar. På samlingane vert det veksla mellom forelesingar, gruppearbeid og drøfting av individuelt løyste oppgåver mellom samlingane.
Det skal leverast inn eit arbeidskrav. Dette kan vere knytt til eitt av dei tre tema i emnet; kommunalkunnskap, sakshandsaming eller økonomistyring.
Vurderinga er basert på ein skriftleg heimeeksamen over 14 dagar. Studentane skal prøvast i alle tre delane av kurset.
Andrésen, Gunnar (1997): Kommuneloven. 2. utgåve. Oslo: Ad Notam Gyldendal.
Bukve, Oddbjørn (1997): Kommunal forvaltning og planlegging. 3.utgåve. Oslo: Samlaget. (Heile boka unntatt del I)
Busch, Tor; Johnsen, Erik og Vanebo, Jan Ole: Økonomistyring i det offentlige. 2.utgave, Tano Achehoug 1999.
Fretland, Jan Olav (1994): På saklista : nynorsk språk- og dokumentlære for lokalforvaltninga. Bergen: Fagbokforlaget (finst òg i bokmålsutgåve).
Ertzaas, Ulf (1995): Offentlighetsloven. Oslo: Ad Notam Gyldendal.
*Sunde, Øyvind: Kommuneregnskapet. Orkanger: Grytting A:S: 2. utgave 2001.
Woxholth, Geir (1999): Forvaltningsloven med kommentarer. 3. utgåve. Oslo: Ad notam Gyldendal.
I tillegg bør studentane gjere seg kjende med budsjettet og rekneskapen for eigen kommune og institusjon.
*Den korrekte tittelen og referansen til denne boka er no;
Sunde, Øyvind: Kommuneregnskapet : regnskapsrapporter - regnskapsprinsipper - KOSTRAs økonomidata - kontroll av årsregnskapet (3. utg. januar 2003)
NKK-forlaget: Oslo 2003. ISBN: 82-92438-00-9
Boka vert utgjeven av "Forbundet for kommunal økoomiforvaltning og skatteinnfordring", og kan bestillast hos NKK-forlaget på tlf. 22947690.
Bruk alltid siste utgåve av ei bok!