Study Programmes 05/06 / Courses / FACULTY OF ECONOMICS AND LA... / OR685 MARKNADSANALYSE OG MERKEVARESTRATEGI  

OR685 MARKNADSANALYSE OG MERKEVARESTRATEGI

Kode
OR685

Namn
MARKNADSANALYSE OG MERKEVARESTRATEGI

Studiepoeng
15.00

Kategori
Valfritt emne 4. eller 6. semester i økonomi og administrasjon.
Valfritt emne i 5. semester for studentar som starta studiet hausten 2003 i økonomi og administrasjon, og turisme og reiseliv.

Tid
Haust

Mål for emnet

Hovedmålet er å gje kunnskap om metodar som kan gje betre grunnlag for avgjerder i bedriftene. Etter fullført kurs skal studentane ha kunnskap om sentrale marknadstilhøve og kjenne metodar som set dei i stand til å gjennomføre marknadsanalysar. Dei skal ha innsikt i korleis ein skal gå fram for å skaffe fram informasjon om kundar, konkurrentar og omgjevnaden elles. Kurset vil også gje ei innføring i sentrale omgrep og tilnærmingar innan merkevareleiing.

Forkunnskapar

Emnet byggjer på OR665 Marknadsføring og organisasjonsfag og ME620 samfunnsvitskapeleg metode.

Innhald / oppbygging

Emnet byggjer vidare på omgrep og modellar som er omhandla i emnet OR665 Marknadsføring og organisasjonsfag. Kurset utvidar kunnskapen om utvalde marknadsspørsmål. Planlegging og gjennomføring av kvalititative og kvantitative marknads-undersøkingar er tillagt stor vekt, og følgjande anelyseteknikkar blir brukte:
Regresjonsanalyse, Faktoranalyse, Clusteranalyse, Diskriminantanalyse, Variansanalyse, Fokusgrupper m.m.

Det blir lagt vekt på ein del tema i merkevareleiing som til dømes:
Historien til merkevara, valg av merkevarestrategi, analyse av merkevara m.m.
Ein føresetnad for å gjennomføre kurset er bruk av Statistikkprogramet SPSS.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesningar, gruppearbeid, øvingar.

Arbeidskrav

Det skal leverast inn 2 obligatoriske oppgåver til godkjenning. Oppgåvene kan leverast individuellt eller i grupper på opp til max. tre personar. Studentane må også framføra ein studentpresentasjon i løpet av semesteret. Faglærar er ansvarleg for godkjenning.

Sluttvurdering

Innlevering av presentasjonsmappe same dag som skuleeksamen.
Skriftleg eksamen 6 timar.
Det blir gitt ein samla karakter.

Pensum

Vert oppgjeve ved studiestart.