Obligatorisk emne 4. semester turisme og reiseliv.
Vår, 4. semester
Studentane skal få innføring i kva det innebærer å planlegge og styre ei reiselivsbedrift med fokus på økonomiske og administrative verktøy. Førebu drøftingar av, og tilrå avgjerder i, produktutviklings- og investeringsproblem og i finansieringsopplegg er sentralt.
Studentane skal òg kunne analysere rekneskapstal for reiselivsbedrifter, og bl.a. med basis i desse leggje opp driftsplanar.
Tidlegare reiselivsfag og innføring i rekneskap og bedriftsøkonomi.
Emnet vil leggje hovudvekt på rekneskaps- og investeringsanalyse, driftsplanlegging og budsjettering med spesielt sikte på sesongproblematikk og ulike kundegrupper.
Førelesingar, gjesteførelesingar, case-studiar, øvingsoppgåver.
Kurset inneheld ein ekskursjon på 7 til 10 dagar med obligatorisk deltaking.
Innlevering av obligatoriske gruppeoppgåver.
Heimeeksamen over 7 dagar, idividuelt eller i gruppe på 2 - 3.
Vert oppgitt ved studiestart.