Study Programmes 05/06 / Courses / FACULTY OF ECONOMICS AND LA... / RE661 Internasjonal turisme  

RE661 Internasjonal turisme

Kode
RE661

Namn
Internasjonal turisme

Studiepoeng
30.00

Kategori
Obligatorisk emne 5. semester økonomi og reiseliv.

Tid
5. semester

Mål for emnet

Turisme/ferie- og fritidstrafikk utgjer eit viktig grunnlag for reiselivsnæringa i Norge. Internasjonalt har dette segmentet vokse kraftig dei siste tiåra, men reiselivsnæringa i Norge har ikkje synt seg så konkurransedugleg som ein kunne ønske. Både på heimemarknaden og internasjonalt har turisttilbodet i Norge tapt andelar av totaltrafikken. Dette har skjedd trass i at mange instansar har arbeid mykje med og lagt ned store summar i produktutvikling og promosjon/sal. Det rår usemje om kvifor utviklinga ikkje har vore betre og om kva som skal til for å vinne att tapte marknadsandelar. Vi tek dette som eit teikn på at tilhøva er vanskelege, og meiner vi her ser eit av dei mest markante særdraga ved reiselivsnæringa. Ho arbeider med minimale marknadsandelar på ein svært samansett, flyktig og konkurranseutsett internasjonal marknad, og har mange andre odds mot seg. Eit ligg i at produktansvaret er fragmentert, eit anna i at det ikkje synest mogleg å samordne promosjonsaktivitetane.
Vidare kan det knapt vere tvil om at mange i norsk reiselivsnæring arbeider med (internasjonal) turisme utan å ha tilstrekkeleg innsikt og sakkunnskap, og på uheldige premissar. Vi trur sjølvsagt ikkje at det er mogleg å løyse desse problema gjennom eit kortvarig høgskulestudium med liten kapasitet både kvalitativt (fagleg) og kvantitativt. Vi trur heller ikkje det er mogleg å tilføre studentane det dei treng for å kunne gjere ein profesjonell innsats på marknaden for internasjonal turisme, men vi meiner det er mogleg å legge grunnlaget for ein profesjonell praksis. Det ligg, etter vårt syn, i å skape forståing for kor komplisert, samansett og fragmentert både etterspurnaden og tilbodet er på denne marknaden. Studentane må så settast inn i noko av det tenkesettet, dei teoriane og den empirien som fagfolk og forskarar med ulik bakgrunn har utvikla for å få system på tilhøva, og, ikkje minst, det tenkesettet og dei metodane som profesjonelle praktikarar har til rådvelde i produktutvikling og marknadsføring.
For å få dette til, og for å førebu studentane på dei oppgåvene som ventar i praksis, vil fagutviklinga gå parallelt med arbeid på faktiske, konkrete tilfelle (døme). Det er først når det blir kravd konkretisering at verdien av teoriane og metodane at vanskane med å bruke dei går opp for oss. Det er då det blir utvikla ekte og varig kompetanse.
Emnet skal setje studenten i stand til å:
- gjere greie for hovuddraga i internasjonal turisme, straumane - kvar dei kjem frå og kor dei går
- klassifisere (definere) og identifisere ulike kategoriar turisme og kva motiv som ligg bak
- analysere kva faktorar som verkar inn på etterspurnaden etter konkrete reiselivstenester
- analysere kva faktorar som verkar inn på individuelle val av destinasjon, overnatting og reisemåte
- identifisere korleis ulike turistkategoriar kjøper reiselivstenestene
- beskrive og vurdere reiselivsproduktet for ein vald turiststad eller eit reiselivsområde
- førebu og tilrå val av målgruppe(r) for ein
- beskrive og vurdere totalproduktet for ulike turistkategoriar til ein vald turiststad/eit reiselivsområde
- utvikle marknadsføringsopplegg retta mot dei ulike målgruppene for ein vald turiststad/eit reiselivsområde

Innhald / oppbygging

Turistgeografi, turistsosiologi/ferie- og fritidssosiologi, metodar for produktbeskriving og -evaluering, turistmarknadsføring.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, litteraturstudie, dømestudie og øvingar.

Arbeidskrav

Innlevering av obligatoriske gruppeoppgåver.

Sluttvurdering

Heimeeksamen over 10 dagar, individuelt eller i gruppe på 2-3. Bokstavkarakterar.

Pensum

Flognfeldt, Thor: Reiselivsgeografi En innføring i å betrakte reiseruter. 2. Utgave Universitetsforlaget, Oslo 1995
Middleton, Victor T.C.: Marketing in Travel & Tourism. 2. ed.
Heinemann Professional Publishing, Oxford 1994