RE672 Turisme og Samfunn

Kode
RE672

Namn
Turisme og Samfunn

Studiepoeng
15.00

Kategori
Obligatorisk emne 2. semester turisme og reiseliv.

Tid
Vår, 2. semester

Mål for emnet

Etter avslutta emne skal studenten kunne analysere kva næringa har å seie med omsyn til inntekter, sysselsetting og overrislingseffektar, samt kjenne og kunne vurdere bruken av ulike statistiske metodar for kartlegging av økonomiske verknader av turismeverksemd.
Studentane skal kunne gjere greie for innhaldet i, målsettingane for og virkemidlane rundt norsk næringspolitikk, miljøpolitikk og distriktspolitikk med relevans for turisme. Studentane skal kjenne basisteoriane om, og vere meir medvetne om kva fysiske/ miljømessige og kulturelle verknader reiselivsaktivitet og turisme kan ha.

Innhald / oppbygging

Emnet startar med ein gjennomgang av korleis ein kan estimere økonomiske og sysselsettingsmessige effektar av næringsverksemd. Vi legg opp til ei gransking av den historiske utviklinga av reiselivspolitikken i landet, og samanliknar deler av den aktuelle politikken med reiselivspolitikken i andre land. Dette skulle gje oversyn over korleis rammevilkåra for næringa har utvikla seg, og er i høve til andre næringar. Reiselivsverksemd representerer mange moglegheiter for å utløyse interessekonfliktar. Vi tek opp nokre av desse i form av seminar om miljøproblem ("indre" og "ytre" miljø), forbrukarspørsmål og kulturvern.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gjesteførelesingar, litteraturstudium, dømestudium, ekskursjon.

Ekskursjonar

Kurset inneheld ekskursjonar på 1 til 2 dager med obligatorisk deltaking

Arbeidskrav

Innleveringsoppgåver

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 6 timar. Bokstavkarakterar.

Pensum

Vert lagt fram ved studiestart.