Vår, 6. semester
Prosjektoppgåva skal gi studentane høve til å arbeide med relativt omfattande problem over noko tid. Dei skal få høve til å samle inn, vurdere og nytte fleire typar data frå ulike kjelder, utnytte og utvikle fagkunnskapane sine, og utvikle evnene til diagnose, problemløysing og skriftleg rapportering.
Alle tidlegare emne i studiet
Prosjektarbeidet skal setje studentane i stand til å utvikle og tilrå løysing på relativt store utgreiingsoppgåver, bruke og integrere teori og metodar frå ulike delar av studiet på ei konkret problemstilling, og rapportere faglege tema i skriftleg form. Tema for prosjektarbeidet er valfritt, men det må vere reiselivsrelevant. Mange oppgåver er tradisjonelt konkrete bedrifts-, felt- eller områdeanalysar. Tema og problemstilling skal godkjennast av rettleiar.
Prosjektarbeidet går inn som ein del av undervisninga, og det vert gjeve rettleiing etter avtale i alle fasar av arbeidet. Prosjektarbeidet vert normalt gjort i grupper på 2-3 studentar. Arbeidet gir godt høve til prosjektretta samarbeid/case-jobbing i grupper, og saman med rettleiar.
Gruppa får felles karakter på oppgåva. Bokstavkarakter.