Study Programmes 05/06 / Courses / FACULTY OF ECONOMICS AND LA... / BD640 DEN ELEKTRONISKE MARKNADSPLASSEN  

BD640 DEN ELEKTRONISKE MARKNADSPLASSEN

Kode
BD640

Namn
DEN ELEKTRONISKE MARKNADSPLASSEN

Studiepoeng
15.00

Kategori
Valfritt emne for bachelorstudium i økonomi og administrasjon, økonomi og informasjonsbehandling, og informasjonsbehandling.

Tid
Vår

Mål for emnet

Eit raskt aukande tal verksemder tek Internett i bruk for kommersielle føremål. Dette gjeld ikkje berre framveksten av nye verksemder direkte knytt til den elektroniske marknadsplassen. Minst like viktig er det at stadig fleire verksemder innanfor dei etablerte næringane nå nyttar Internett som ein ny kanal mot eksisterande og nye kundar. Dette emnet vil ta for seg den elektroniske marknaden frå ulike perspektiv; eit samfunnsmessig, eit teknologisk, eit juridisk og eit økonomisk/marknadsføringsperspektiv. Emnet skal setje fokus på problemstillingar som er særleg praktiske for offentleg og privat sektor som ønskjer å ta Internett i bruk for kommersielle føremål. Olje og gassektoren blir brukt som døme.

Forkunnskapar

Forkunnskapar tilsvarande kurs IN610 er ønskjeleg.

Innhald / oppbygging

Del I: Samfunnsmessig perspektiv
-Utviklingstrekk i Norge og internasjonalt
-Viktige planar og forum
-Konsekvenser for næringsstruktur og arbeidsliv

Del II: Teknologisk perspektiv
-Infrastrukturen til nettbasert handel
-Betalingsformidling over nett
-Tryggingsrutinar ved netthandel
-Utforming av e-handel system
-Implementering og oppfølging av e-handelssystem

Del III: Juridisk perspektiv
-Domenenamn
-Utforming av avtalar og marknadsføring på Internett
-Ansvar for vidareformidling av informasjon
-Vern av åndsverk
-Personvern
-Internasjonal rett

Del IV: Økonomisk/marknadsføringsperspektiv
-Strategiar for e-handel
-Strategiar for innkjøp, logistikk og tilbod
-Marknadsføring og internett
-Strategiar for oppfølging av nye og eksisterande kundar (CRM)

Undervisnings- og læringsformer

Emnet har ei ramme på 120 timar. Av dette er 100 timar knytt til undervisning, medan det resterande er knytt til gruppearbeid. Studentpresentasjonar og øvingar i datalab inngår i emnet.

Arbeidskrav

Godkjende innleveringsoppgåver.

Sluttvurdering

Skriftleg skuleeksamen. 6 timar, vekting 60%
Heimeeksamen i gruppe, 1 veke, vektign 40%
Lovlege hjelpemiddel ved eksamen: alle skriftlege hjelpemiddel og kalkulator
Det er høve til å ta om att berre ein del av eksamen.

Pensum

Vert oppgjeve ved oppstart av emnet.
Aktuell litteratur kan vere:

Bakken, Alfred og Eva K. Steira: CRM i praksis. Med fokus på dialog- og relasjonsmarkedsføring, Universitetsforlaget, Oslo 2001
Chaffey, Dave: E-Business and E-commerce Management, Prentice Hall, Edinburgh, 2ed 2004
Davidsen C. M. og Tepfers C. : ”Elektonisk handel – fra buzz til biz”, Tapir, 2002
Jarbekk, Eva og Morten Foss: E-handel, Internett og juss, 1. utg., Gyldendal Norsk Forlag AS, Oslo 2001
NOU 2001:10. Uten penn og blekk. Bruk av digitale signaturer i elektronisk samhandling med og i forvaltningen.
NOU 2001:13. Elektronisk handel og forretningsdrift i olje og gassindustrien. Konsekvenser og muligheter for norsk olje- og gassindustri.
Oz, Effy: “Foundations of e-business”, Prentice Hall, 2002
Shapiro, Carl og Hal. R. Varian: Den nye økonomien, Hegnar Media, Larvik 2000
Turban, Efraim et al.: “Electronic commerce A managerial perspective”, Pearson Education, 2002
Turban E. og King D.: ”Introduction to electronic commerce”, Person Education, 2003