Study Programmes 05/06 / Courses / FACULTY OF ECONOMICS AND LA... / OR673 Leiing og organisasjonsutvikling  

OR673 Leiing og organisasjonsutvikling

Kode
OR673

Namn
Leiing og organisasjonsutvikling

Studiepoeng
15.00

Kategori
Valfritt emne 6. semester i økonomi og administrasjon.

Tid
Vår

Mål for emnet

Hovudmålet for kurset er at deltakarane skal utvikle seg gjennom å arbeide med moderne teoriar om leiing og organisasjonsutvikling, og bruke desse til å analysere ulike situasjonar og problem med relevans for leiarar i private og offentlege organisasjonar.

Blokk 1: Leiing og samarbeid
Målet er å gje studentane grunnlag for å utøve rolla som leiar i ein organisasjon i endring, gjennom ei teoretisk og praktisk innføring i leiaren sine oppgåver. Emnet skal øve opp evna til læring omkring eiga rolle og medverke til personleg utvikling hos den enkelte.

Blokk 2: Organisasjonsutvikling og omstilling
Studentane skal få ei teoretisk og praktisk innføring i organisasjonsutvikling og omstillingsarbeid. Målet er at dei skal bli i stand til å forstå tankegangen i og reservasjonane mot dei ulike tilnærmingsmåtane, ikkje at dei skal resymere teoriane. Det er også eit mål at studentane etter fullført kurs skal kunne vere aktive deltakarar i endringsprosessar i ein organisasjon.

Forkunnskapar

Kjennskap til organisasjonsteori tilsvarande kursa OR665 og OR672.

Innhald / oppbygging

Blokk 1: Leiing og samarbeid
Denne blokka inneheld tre hovudemne. I første delen fokuserer ein på teoriar om leiing. I andre delen er målet å sjå leiarskap i kontekst: Korleis varierer leiarskap? Kva er felles på tvers av samfunnssektor, organisasjonstype og kulturell kontekst? Gjennom tredje delen er fokuset på leiarar i handling: Kva oppgåver har dei og kva verkemiddel kan dei bruke?

Blokk 2: Organisasjonsutvikling og omstilling
Ein arbeider med teoriar og case som gjeld organisasjonsutvikling, endringsprosessar og læring i organisasjonar.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gjesteførelesingar, sjølvstudium, oppgåveløysing, gruppeøvingar, problembasert arbeid og bruk av it. Førelesingane vil tene som introduksjon til dei ulike tema. Fordjuping skal studentane få gjennom gruppearbeid og casedrøftingar. På denne måten kan studentane utvikle si forståing av organisasjonar både gjennom eigne analysar og ved å bli konfrontert med andre deltakarar sine spørsmål og tolkingar.

Arbeidskrav

Studentane skal i grupper på 2-3 personar gjennomføre ei mindre oppgåve.

Sluttvurdering

Prosjektoppgåve i grupper på 1-3 personar, skriftleg eksamen på 5 timar. Prosjektoppgåva tel 40% medan skriftleg eksamen tel 60%. Bokstavkarakter. Ved stryk på ein av delane kan studenten gå opp til ny eksamen utan å endre den delen som var bestått.

Pensum

Vert lagt fram ved studiestart.