Dette er eit obligatorisk emne innan Masterprogrammet i organisasjon og leiing.
Etter avslutta emne skal studentane kjenne til:
- sentrale diskursar og omgrep i samfunnsvitskapane generelt
- vanlege metodiske innfallsvinklar i studiet av formelle organisasjonar
- hovudtrekka i handsaminga av kvantitative og kvalitative data
- dei ulike fasane i forskingsprosessar
- sentrale diskursar innan det feltet studenten skal skrive oppgåve frå
Inngår som ein viktig del av førebuinga til skriving av masteroppgåve. Det bygger på den grunnleggande forståing som blir etablert tidlegare i programmet, og studentene må ha fullført dei første 50 studiepoenga i masterprogrammet før dei kan starte på kurset.
Emnet dannar bakgrunn for arbeidet med masteroppgåva og handlar om vitskapsteori og samfunnsvitskaplege metodar. Målet er å både gje eit oversyn over ulike forskingsstrategiar generelt og gje eit grunnlag for sjølvstendig vurdering av forskingsresultat. Kurset skal vidare gje grunnlag for tileigning av metodekunnskapar til bruk i samband med masteroppgåva. Emnet gjev oversyn over hovudtema som: Ulike vitskaplege og metodologiske posisjonar; sentrale tema som sanning, kunnskap og validitet. Tilhøvet mellom subjektivitet og objektivitet i forsking. Kausalitetsomgrepet. Oversyn over strategiar som: feltstudier, case og smågruppestudier; særtrekk ved survey, eksperiment og kvasieksperimentelle undersøkingar, evalueringsstudier.
Samlingar. Forelesingar, øvingsoppgåver og gjennomgang av døme på forskingsprosjekt
Arbeidskrav nr. 10 i masterprogrammet: Utarbeide metodeskisse med relevans for masteroppgåve. Maks. 5 sider.
Vurdering av innlevert refleksjonsdokument på maks. 5 sider. Arbeidskrav nr. 10 kan leverast.
Gilje, Nils og Harald Grimen(1993):Samfunnsvitenskapenes forutsetninger, kap. 1-8. Oslo: Universitetsforlaget (183 s).
Grønmo, S: Samfunnsvitenskapelig metode. Bergen, Fagbokforlaget 2001.
Johannesen, J A og J Olaisen: Prosjekt. Bergen, Fagbokforlaget 1995.
Lund T: (2002) Metodologiske prinsipper og referanserammer. Kap. 3 i Lund, T. (red.): Innføring i forskningsmetodologi. Unipubforlag. Oslo (42 s.)