Study Programmes 05/06 / Courses / FACULTY OF ECONOMICS AND LA... / MR 690 Masteroppgåve i organisasjon og leiing  

MR 690 Masteroppgåve i organisasjon og leiing

Kode
MR 690

Namn
Masteroppgåve i organisasjon og leiing

Studiepoeng
30.00

Kategori
Det avsluttande emnet i masterstudiet i organisasjon og leiing. Emnet er obligatorisk i masterstudiet i organisasjon og leiing.

Tid
Dei tre siste semester i masterprogrammet.

Mål for emnet

Gjennom arbeidet med oppgåva skal studentane lære å:
- bruke vitskaplege metodar på ei bruksretta problemstilling
- avgrense og operasjonalisere ei komplisert problemstilling
- arbeidet med empiriske data frå organisasjons- og arbeidsliv
- presentere empiriske data eller analytiske resonnement på ein samanhengande måte
- analysere empiriske data gjennom relevant teori

Forkunnskapar

Gjennomført alle andre emne i studieplanen for master i organisasjon og leiing.

Innhald / oppbygging

Problemstillinga i masteroppgåva bør vanlegvis ta utgangspunkt i ei problemstilling knytt til offentleg verksemd. Den kan gjerne vere knytt til eit arbeidsområde studenten sjølv har erfaring med. Oppgåva kan gjennomførast som ei empirisk undersøking knytt til det valde problemområdet, eller som eit analytisk arbeid. Oppgåva inneber sjølvstendig arbeid der det vert gjeve individuell rettleiing.

Undervisnings- og læringsformer

I byrjinga av kurset vert det og halde ei samling med oppgåveskriving som emne. Når studenten har valt emne for oppgåva, får han/ho tildelt ein rettleiar. Emnet for oppgåva skal godkjennast av faglærar. Undervisninga skjer i stor grad gjennom individuell rettleiing, men på samlingar må studentane leggje fram og drøfte tema frå masteroppgåva for/med medstudentar. Kontakt med faglærar/rettleiar via Classfronter. Individuell tilpassing.

Sluttvurdering

Ekstern vurdering av masteroppgåve.

Pensum

Ikkje eige pensum. Studentane legg opp sjølve litteratur gjennom arbeidet med oppgåva.