Obligatorisk emne i masterstudiet i organisasjon og leiing. Obligatorisk emne i utdanningsadministrasjon, helse- og sosialadministrasjon og rektorskulen.
Første semester i masterstudiet i organisasjon og leiing/årstudiene.
Målet er at studentane skal lære å sjå eigen organisasjon gjennom organisasjonsteoretiske omgrep. Studentane skal tileigne seg ei forståing av korleis organisasjonar fungerer, internt og i forhold til omverda. Dette inneber å lære om sentrale problemområde, hypoteser og undersøkingar der oppbygging av organisasjonar og deira verkemåde er sentrale. Ei innføring i sentrale teoriar om leiing er ein integrert del av organisasjonsforståinga.
Emnet tek opp eit utval problemstillingar og tema som er relevant for alle organisasjonar og organisasjonstypar. Relevansen for eigen organisasjon skal synleggjerast gjennom studentanes praktiske tilnærming til lærestoffet. Grunnleggjande tema og problemstillingane er: Perspektiv på organisjonar, organisasjonsstruktur, organisasjonar og omverd, organisasjonskultur, leiing og teoriar om leiing, kommunikasjon og læring i organisasjonar, forhandlingar i organisasjonar, den profesjonelle organisasjonen og avgjerdstaking i organisasjonar.
Deltakaranes erfaringar og dermed eksisterande organisasjonsforståing skal utfordrast gjennom tilvisingar til relevant teori og alternative perspektiv. Emnet er lagt opp som eit deltidsstudium med ein kombinasjon av fysiske samlingar (ca. 20 - 40 timer i fellessamlinger) og nettbasert arbeid. I samlingane vekslar ein mellom mellom forelesninger, øvingar og drøftingar.
A-krav nr. 2: For det første: Minst to sjølvstendige innlegg i Classfronter. For det andre: Bruk av relevant teori i definering av eit organisasjonsproblem eller utfordring på eigen arbeidsplass. Dokument på maks. 5 sider.
Vurdering av innlevert refleksjonsdokument på maks 5 sider. Kan vere individuelt, eller i gruppe på maks 3. studentar. (Kan då levere 10 sider). Arbeidskrav nr. 2 kan leverast til vurdering.
Bukve, Oddbjørn (1997): Kommunal forvaltning og planlegging. 3.utgåve. Oslo: Samlaget (Del I , 74 s.)
Dalin, Per (1994): Skolen som organisasjon. Kap. 3 i: Skoleutvikling. Teorier for forandring. Universitetsforlaget: Oslo (62 s)
Hernes, H. (2002). Perspektiver på profesjoner (kap. 2). I Nylehn, B og A.M. Støkken (red.). De profesjonelle. Relasjoner, identitet og utdanning. Oslo: Universitetsforlaget. (13 s)
Jacobsen, Dag Ingvar og Jan Thorsvik (2002): Hvordan organisasjoner fungerer. Innføring i organisasjon og ledelse. Bergen: Fagbokforlaget (416 s.)
Rognes, J.K. (2001). Forhandlinger 2. utgave. Oslo: Universitetsforlaget. (kap. 1,2,3,4 og 6 ( 74 s.))
Øgård Øgård, Morten (2000): New Public Management – markedet som redningsplanke? I Baldersheim, H. og Rose, L.: Det kommunale laboratorium. Teoretiske perspektiver på lokal politikk og organisering. Fagbokforlaget. Bergen (24 s.)
Ressurslitteratur/tilleggslitteratur:
Studentane vert oppmoda om å lese relevant fagstoff ut over det minimum av pensum kurset omfattar. Følgjande litteratur vert tilrådd:
Bukve, Oddbjørn (1997): Kommunal forvaltning og planlegging. 3.utgåve. Oslo: Samlaget
Eriksen, Erik Oddvar (1999): Kommunikativ ledelse : om verdier og styring i offentlig sektor. Bergen-Sandviken: Fagbokforlaget
Ertzaas, Ulf (1995): Arbeidsmiljøloven. Oslo: Ad Notam Gyldendal
Grimsø, Rigmor (1996): Personaladministrasjon.Teori og Praksis. Oslo: Universitetsforlaget
Grønhaug, K., O. Hellesøy og G. Kaufmann (2001). Ledelse i teori og praksis. Bergen: Fagbokforlaget
Kile, Svein M. (1991): ”Helsefarlig lederskap”. I Lundberg (red.): Personalledelse. Oslo: Bedriftsøkonomens forlag
Morgan, Gareth (1991): Organisasjonsbilder. Oslo: Universitetsforlaget.
Strand, Torodd (2001): Ledelse, organisasjon og kultur, Fagbokforlaget, Bergen (Del I og II s. 11-196)
I tillegg bør studentane gjere seg kjende med organisasjonsplanar, stillingsinstruksar og personalreglement i eigen organisasjon