Valfritt emne i masterstudiet i organisasjon og leiing. Obligatorisk for studieretninga utdanningsleiing.
Mål er at studentane skal:
- utvikle kompetanse i å leie og organisere læringsforløp slik at medlemmane i organisasjonen lærer,
- utvikle kompetanse i å planlegge og evaluere utviklingsarbeid i skulen,
- utvikle kompetanse i å utøve profesjonell leiing i skulen.
- kunne fungere som ressurspersonar i utviklingsprosjekt
- utvikle kompetanse i å analysere utdanninspolitiske dokument og prosessar
- utvikle kompetanse i å arbeide fagleg opp mot utdanningspolitiske prosessar
Emnet skal auke studentane si innsikt i den samfunnsmessige grunngjevinga for oppbygging og utvikling av utdanningstilboda i Noreg og andre land. Det skal òg gje forståing av det norske utdanningssystemet som iverksetjingssystem for utdanningspolitikk. Studentane skal bli kjende med grunnleggjande problemstillingar innan pedagogisk leiing og utviklingsarbeid sett i lys av dei utdanningspolitiske problemstillingane.
Studiet tematiserer også danning av leiaridentitet og leiararbeid i ein skule som møte store omstillingskrav. Samanhengen og samspelet mellom lærarane si undervisning og elevane si læring vil bli problematisert, og søkelyset vert retta mot tilrettelegging av læring både i skulen sitt vaksne miljø og for elevane. Drøftingane vil omfatte ein analyse av forholdet mellom sentralt gitte læreplanar og arbeidet med å realisere desse.
-Utforming og iverksetting av utdanningspolitikk,
-Internasjonale utviklingstrekk
-Utdanningsinstitusjonanes særpreg
-Styringslogikkar i skuleverk og utdanning
-Kvalitetsutvikling i skulen
- Ulike perspektiv på leiingsomgrepa profesjonalitet, kompetanse og innovasjon
- Danning av leiaridentitet og grunnlaget for autoritet i skolen
- Ulike perspektiver på undervisning og læring, om danning og tilpasning i skulen
- Utdanning med pedagogisk profesjonalitet innanfor nye rammevilkå i skulen
- Makt, tillit og uformelle roller i organisasjoner
- Innovasjonsteori med vekt på tradisjonane bak problem-løysningsstrategiar og endringsbarrierar
Forelesingar, gruppearbeid, caseanalyser og seminararbeid:
I første del av kurset er søkelys retta på aktuelle utdanningspolitiske spørsmål både innan barnehage, skule, høgskule og universitet. Føresetnader for og utforming av utdanningspolitikken vert drøfta, og utdanningsinstitusjonane som iverksetjingssytem analysert. Stortingsmeldingar og offentlege utgreiingar er sentrale kjelder. I andre del av kurset rettast merksemda mot utviklingsarbeid og pedagogisk leiarskap. Problemstillingar relaterte til det å vere pedagogisk leiar i ein lærande organisasjon og ansvar for pedagogisk utviklingsarbeid sett frå perspektiv som kvalitet, verdispørsmål og yrkesetikk står sentralt. Utviklingsarbeidet rettar seg både mot intern utvikling av skulen og skulen si samhandling med omverda.
Bråten, I. (red.)(2002): Læring i sosialt, kognitivt og sosialt-kognitivt perspektiv. Oslo: Cappelen Akademisk Forlag Kap. 1, 2, 5, 7 og 9 (104 sider)
Dale, E L. (1999): Utdanning med pedagogisk profesjonalitet Oslo: Ad Notam Gyldendal. Del I og II (139 sider)
Dale, E L. (1999): Kvalitetsansvar i utdanningssystemet. I: Etikk for pedagogisk profesjonalitet (side 152-179) 27 sider.
Drejer, O. (1999): Læring som endring av personlig deltakelse i sosiale kontekster. I: Nielsen, K. og Kvale S., 1999: Mesterlære. Læring som sosial praksis. Oslo: Ad Notam Gyldendal. (19 s)
Hellesnes, J. 1992: Ein utdana mann og eit dana menneske. Framlegg til eit utvida daningsomgrep. I: Dale, E.L. (red): Pedagogisk filosofi. Oslo: Ad Notam Gyldendal. (25 sider).
Kvale, S. og Nilsen, K. (1999): Landskap for læring. . I: Nielsen, K. ogKvale S., 1999: Mesterlære. Læring som sosial praksis. Oslo: Ad Notam Gyldendal. (18 s)
Leer-Salvesen, P. og Nylehn, B. (2002): Profesjon og dannelse – en dialog. I Nylehn, B og Støkken, A.M. (red): De profesjonelle. Oslo: Universitetsforlaget. (12 sider)
Ludvigsen, S og Hoel, T.L. Når vilkårene for læring endres. I: S.Ludvigsen og T.L.Hoel (red): Et utdanningssystem i endring. IKT og læring (22 sider)
Løvlie, Lars: Læreren i våre tanker. I: T. Kvernbekk, (red), (2001): Pedagogikk og lærerprofesjonalitet. Oslo: Gyldendal Akademisk (s 129- 146)
Moxnes, P., 1994: Syndebukker, djevler og andre roller på arbeidsplassen. I: Nytt Norsk Tidsskrift, nr.1/94 (5 sider)
Møller, J. (1996): Lære å/og lede. Dilemmaer i skolehverdagen. Cappelen Akademisk. Kap. 3 og 4. (100 sider)
Møller, J. (1996): Karismatisk lederskap i skolen - en analyse og et forsøk på "myteknekking". I: Norsk pedagogisk tidsskrift, nr. 1/96. (9 s)
Roald, Knut: (2001): Ungdomsskoler som lærende organisasjoner. Nr. 5 i Småskriftsserien til Bedre Skile. Oslo: Forlaget Bedre Skole
Sachs, Judyth (2001): Teacher professional identity: competing discourses, competing outcomes. Journal of Educational Policy, vol.16, No.2, 149-161 (12 sider)
Sivesind, K. (2002): Pedagogiske refleksjoner i en reformtid. I: Uddannelse, nr. 10 (s.54-59) (5 sider)
Wenger, E. (1998): Communities of Practice. Learning, Meaning and Identity. Chapter 6: Identity in Practice (15 sider) + Ch. 12: Education. (14 sider)
Kjellberg, F. og Reitan, M. (1997) Studiet av offentlig politikk. Oslo: Tano (185 s.)
Engeland,Ø.(2000): Skolen i kommunalt eie. Kap 2, 4, 5,8 og 9 (140 s)
Karlsen, G. (2002): Utdanning, styring og marked. Norsk utdanningspolitikk i et internasjonalt perspektiv. Oslo: Universitetsforlaget. Kap. 2, 3, 5, 6,7,8,9,10 og 11 (187 s.)
Kompendium med utdrag av utdanningspolitiske dokument (160 s.):
-
Kvalitetsutvalget sine utgreiingar:
- NOU (2002:10) Førsteklasses fra første klasse
- Kvalitetsutvalet sitt hovedframlegg som kjem i juni 2003
Endringar i opplæringslova for grunnskule og vidaregåande skule:
- - Ot.prp.nr. 67 (2002-2003) Om større lokal handlefridom i grunnopplæringa- Ot.prp.nr. 33 (2002-2003) Friskolelova- Ny lovparagraf om elevane sitt arbeidsmiljø (§ 9. a)- Andre endringar som kjem til i studieperioden
-
Omlegginga av statlege utdanningskontor:
- Revidert nasjonalbudsjett for 2003
-
Barnehageområdet:
- Stortingsmelding nr. 24 (2002-2003) Barnehagetilbod til alle – økonomi, mangfold og valgfrihet
- Andre større spørsmål som kjem til i studieperioden
-
Fagskular:
- Ot.prp. 32 (2002-2003) Om lov om fagskoleutdanning
-
Kvalitetsreforma for høgskular og universitet:
- forarbeidet
- endringane
- Endringar som gjeld forhandlingsansvar og arbeidstidsavtalar for undervisningsperonalet
- Andre større udanningspolitiske spørsmål som kjem til i studieperioden.
Sjølvvald pensum (100s.)
Studenten legg her opp 100 s. som han/ho ser som relevant i forhold til arbeidskrava i studiet.