Study Programmes 05/06 / Courses / FACULTY OF ECONOMICS AND LA... / BØ6-101 Innføring i rekneskap og bedriftsøkonomi  

BØ6-101 Innføring i rekneskap og bedriftsøkonomi

Kode
BØ6-101

Namn
Innføring i rekneskap og bedriftsøkonomi

Studiepoeng
10.00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorstudium i økonomi og administrasjon, økonomi og informasjonsbehandling, turisme og reiseliv, 2-årig studium i økonomi og administrasjon, og 1-årig studium i bedriftsøkonomi.

Tid
Haust

Mål for emnet

Emnet skal gje grunnleggjande kunnskap i bedriftsøkonomisk teori og metode. Det skal gje ein oversikt over funksjonane i føretaket som økonomisk eining. Målet for den økonomiske verksemda er størst mogleg verdiskaping, noko som blir synleggjort gjennom kontantstraumar og nåverdiar som er grunnlag for avgjerder. Korleis kontantstraum, kostnads- og inntektsmålingar påverkar avgjerder, blir illustrert med eksempel. Det blir lagt vekt på å øva opp bedriftsøkonomisk tankegang på område som kostnadskalkulasjon og avgjerder om produksjonsvolum. Det er her viktig å få fram samanhengen mellom profittmaksimering og verdimaksimering. Det blir gjeve ei innføring i ulike metodar for driftsrekneskap. Emnet skal vera generelt og gjelde alle bransjar.

Det blir gjeve ei innføring i rekneskapsføring av transaksjonar. Det blir lagt vekt på å visa korleis samanstillingsprinsippet verkar på resultat- og balanseføring av kjøpstransaksjonar. Det er viktig å få fram skilnaden mellom økonomisk verdi og rekneskapsmessig verdi og korleis forsiktighetsprinsippet verkar ved negative verdiavvik. Denne delen av kurset skal gje studentane grunnlag for emnet Finansrekneskap med analyse.

Forkunnskapar

Ingen spesielle.

Innhald / oppbygging

Bedrifta og plassen den har i det økonomiske systemet.
Økonomifunksjonens rolle og plass i bedrifta.
Kostnads- og inntektsteori.
Tilpassingar under ulike marknadsformer.
Kalkulasjon og driftsrekneskap.
Kostnads-, resultat-, og volumanalyse.
Produktval med ein restriksjon.
Registrering av bilag for ulike forretningstilfelle.
Årsavslutning m/periodiseringar (frå saldobalanse til resultat og balanse).
Ei innføring i rekneskaps- og skattereglar.

Undervisnings- og læringsformer

Kurset vil bli gjennomført som førelesingar med gjennomgang av teori og problem / oppgåver. Gjennom heile kurset vil såleis løysing av oppgåver i tilknyting til teoridelen ha ein sentral plass. Verdien av å delta på førelesingane vil vera avhengig av i kva grad deltakarane er vel førebudde i det stoffet som blir teke opp. Classfronter vert nytta til utlegging av lysark, oppgåver og løysingsforslag, samt til innlevering av arbeidskrav.

Arbeidskrav

Det skal leverast inn eitt oppgåvesett til godkjenning. Oppgåva kan gjerast individuelt eller i grupper på inntil tre personar. Faglærar er ansvarleg for godkjenninga.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 5 timar. Bokstavkarakter.

 

Pensum

Hoff, K.G.: Grunnleggende bedriftsøkonomisk analyse, 5. utgave. Universitetsforlaget 2005.
Hoff, K.G. og Velvin, J.: Oppgaver og løsningsforslag, 5. utgave. Universitetsforlaget 2005.
Hansen, Ø., Ottesen, L., Øyen, A.H.: Bedriftsøkonomisk analyse - Grunnleggende regnskap, 2. utgave. Universitetsforlaget 2005.