Study Programmes 05/06 / Courses / FACULTY OF TEACHER EDUCATIO... / FP332 700 FAGLEG-PEDAGOGISK STUDIUM I NORSK  

FP332 700 FAGLEG-PEDAGOGISK STUDIUM I NORSK

Kode
FP332 700

Namn
FAGLEG-PEDAGOGISK STUDIUM I NORSK

Studiepoeng
15.00

Kategori
Obligatorisk fag i den 3-årige førskulelærarutdanninga

Tid
1. studieår: 11 studiepoeng
2. studieår: 4 studiepoeng



Mål for emnet

I studiet skal studentane førebu seg til desse arbeidsoppgåvene:
- Stimulere talespråksutviklinga hos førskulebarna
- Stimulere skriftspråksutviklinga og førebu barna til den systematiske lese-og skriveopplæringa i grunnskulen
- Drive kulturformidling
- Kommunisere skriftleg og munnleg med foreldre, kollegaer og offentlege samarbeidspartnarar

Innhald / oppbygging

FØRSTE STUDIEÅR
1. semester: Barn, barndom og barnehage (6 sp)
Tema: Oppvekst, utvikling og kommunikasjon
- Den munnlege og skriftlege språkutviklinga hos barn i førskulealder og korleis ein kan stimulere denne utviklinga
- Øving i å halde munnlege innlegg og å skrive sakprega tekstar for vaksne

2. semester: Det leikande og skapande barnet (5 sp)
Tema: Barn og kultur
- Kulturformidling i barnehagen
- Munnlege overleverte tekstar for barn
- Barnelitteratur med vekt på biletbøker

ANDRE STUDIEÅR
4. semester: Barnehage og skule (4 sp)
- Kva språkkompetanse barn må ha for å kunne lære seg skriftspråket
- Dei mest brukte lesemetodane i den grunnleggjande lese- og skriveopplæringa i grunnskulen
- Abc-bøker

Eit emne kan arbeidast med i fleire semester.

Undervisnings- og læringsformer

Studiet vert organisert med desse hovudaktivitetsformene:
- Undervisning i samla gruppe
- Arbeid i grupper med einfaglege og tverrfaglege tema
- Individuelt studiearbeid
- Nettbaserte læringsaktivitetar

IKT vert nytta som eit hjelpemiddel i kommunikasjonen mellom lærarar og studentar.

Praksis

20 veker praksis integrert i fagstudiet over tre studieår. Sjå eigen plan for praksis.

Arbeidskrav

- Det er obligatorisk oppmøte til delar av undervisninga. Kva delar dette gjeld skal gå fram av arbeidsplan for studiet.
- Praksis, førebuing og etterarbeid
- Oppgåver og skriftleg arbeid knytt til praksis
- Greidd praksis

1. semester:
- Logg knytt til oppstartsperioden/mappetekst (norsk og pedagogikk)
- Tverrfagleg pbl-arbeid i gruppe (norsk, pedagogikk og samfunnsfag)
- skrivedag (norsk og pedagogikk )
- mappe: ein gruppetekst om munnlege forteljingar ein individuell tekst om barnespråk

2. semester:
- ein individuell tekst til mappa, tema: barnelitteratur og kulturformidling
- eit gruppearbeid om barnelitteratur

4. semester:
Tverrfagleg arbeidskrav:
- praksisprosjekt lese-, skrive- og matematikkopplæring (norsk, matematikk og pedagogikk)

Sluttvurdering

1. studieår: Vårsemesteret
FP332 701 Norsk: Mappevurdering: To individuelle tekstar. Den eine teksten skal vere på nynorsk, den andre på bokmål.
Vekting: 25%

FP332 703 Norsk: Individuell skriftleg eksamen, trekt målform
Tid: 5 timar
Vekting 50%

2. studieår: Vårsemesteret
FP332 702 Norsk: Munnleg eksamen i gruppe knytt til det tverrfaglege praksisprosjektet lese-, skrive- og matematikkopplæring.
Vekting 25%

Pensum

Førebels pensumlitteratur vil ligge føre ved studiestart. Endeleg litteraturliste skal ligge føre innan oppmeldingsfristen til eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar. Pensumlista ligg på faget sine internettsider.