Obligatorisk fag i den 3-årige førskulelærarutdanninga. Rammeplan av 2003.
1. studieår: 12 studiepoeng
Studiet i fysisk fostring skal gi studentane kunnskap om barns vekst og utvikling. Med bakgrunn i denne kunnskapen skal studentane tileigne seg føresetnader for korleis ein kan planlegge, legge til rette, gjennomføre og vurdere fysisk aktivitet for barn.
FØRSTE STUDIEÅR
1. semester: Barn, barndom og barnehage (3,5 sp)
- Barns motoriske utvikling
- Ute aktivitetar og bruk av fysiske læringsmiljø
2. semester: Det leikande og skapande mennesket (8,5 sp)
- Planlegging, tilrettelegging, gjennomføring og vurdering av aktivitetar for barn både inne og ute til ulike årstider
- Barns fysiske utvikling
- Kjennskap til eigen fysisk trening og ergonomi
- Observere og vurdere barns fysiske aktivitet og fysisk aktivitetsmiljø
- Barn med motoriske problem og samarbeid med foreldre/føresette, barnehagens personale og andre faggrupper
- Skapande og ekspressive aktivitetar i ulike miljø
- Sikring/tryggleik og førstehjelp
Eit emne kan arbeidast med i ulike semester
Teoretiske og praktiske emne skal utfylle kvarandre. Teoretisk innsikt og eigenopplevd aktivitet skal danne grunnlag for studentane når dei sjølv skal planlegge, legge til rette, gjennomføre og vurdere fysisk aktivitet for barn. Det vil bli nytta varierte arbeidsformer der mellom anna studentaktive og problembaserte læringsformer vil bli nytta. IKT vil inngå som ein naturleg del av studiet.
Går inn som del av obligatorisk praksis i førskulelærarutdanninga.
- Det er obligatorisk oppmøte til delar av undervisninga. Kva delar dette gjeld skal gå fram av undervisningsoversikt for studiet.
- Praksis, førebuing og etterarbeid
- Oppgåver og skriftleg arbeid knytt til praksis
- Greidd praksis
1. semester:
- Ei individuell skriftleg oppgåve
2. semester:
- Tverrfagleg prosjekt: pbl- arbeid med tema leik (fysisk fostring, pedagogikk og estetiske fag)
- Godkjent hjerte lunge redning (HLR)
1. studieår, vårsemester:
FP332 300 Individuell praktisk-metodisk heimeeksamen med munnleg
eksaminasjon i etterkant.
Tid: 5 dagar
Vekting: 100%
Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart. Endeleg pensumliste skal ligge føre innan oppmeldingsfristen til eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar.