1. samling og arbeid gjennom studieperioden
-Tileigne seg kunnskap om den fysiske aktivitets plass og funksjon i skule og samfunn og den tyding det kan ha for det enkelte individ.
-Utvikle evne til å planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngi undervisning i kroppsøving og idrett ut frå gjeldande læreplan og det enkelte individ sine interesser og behov.
-Kva fag idrettspsykologi er og korleis psykologiske prosessar påverkar våre val til idrett og fysisk aktivitet, og i tillegg vår idrettslege prestasjonsevne
- Idrettspedagogikk:
Kroppsøvingsfaget si historie og utvikling. Kva er pedagogikk, didaktikk og fagdidaktikk. Didaktisk relasjonsteknikk/ didaktisk relasjonsmodell. Fagplanar og fagplananalyse. Planlegging i kroppsøving og idrett. Overordna mål, fagmål og undervisningsmål. Lærarrolla i kroppsøvingsfaget-instruktørrolla i idrett. Undervisningsmetodar, arbeidsmåtar og undervisningsprinsipp. Tilpassa opplæring i kroppsøving og idrett. Rammefaktorar. Vurdering og karaktersetting i kroppsøvingsfaget. Forskings- og utviklingsarbeid i kroppsøvingsfaget.
- Idrettpsykologi:
Personlegdom og personlegdomsutvikling. Motivasjon. Angst. Gruppepsykologiske prosessar. Spenningsregulering og mental trening.
- Fire arbeidsoppgåver gjennom studiet skal samlast i ei mappe. Kva arbeidsoppgåve og innleveringsfristar blir spesifisert i semesterplanen.
-Praksisførebuing, praksis og etterarbeid
- Innleveringsoppgåver i emnet
ID3-103 Mappevurdering. Eit innleveringsarbeid av totalt fire skal vurderast. Skulen gjer val av kva arbeid som blir trekt ut.
Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar.