Study Programmes 05/06 / Courses / FACULTY OF TEACHER EDUCATIO... / ID3-101 RØRSLELÆRE/ANATOMI  

ID3-101 RØRSLELÆRE/ANATOMI

Kode
ID3-101

Namn
RØRSLELÆRE/ANATOMI

Studiepoeng
10.00

Kategori
obligatorisk emne i 1.år idrett bachelor

Tid
haust

Mål for emnet

Gi grunnlag for å forstå bevegelse gjennom generelle kunnskapar i anatomi og rørslelære. Dette skal skape grunnlag for å kunne forstå ulik bevegelsesløysingar, vurdere dugleikar og drive vegleiing i idrett.

Innhald / oppbygging

Anatomi: Celler og vevstypar, virvelsøyla, dei store ledda og knoklane sin bygnad og funksjon. Musklar og muskelgrupper sin verknad i bevegelse.
Rørslelære: Ulike krefter sin verknad på rørsle
Motorikk: Motorisk utvikling og kontroll og korleis ein vurderar ulike bevegelsesløysingar.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid.

Sluttvurdering

ID3-101 Rørslelære og anatomi: Skriftleg, individuell eksamen
Eksamenstid: 5 timar

Pensum

Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar.