Obligatorisk emne i 1. år bachelor idrett
Tileigne seg kunnskap om den fysiske aktivitets plass og funksjon i skule og samfunn og den tyding det kan ha for det enkelte individ.
Utvikle evne til å planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngi undervisning i kroppsøving og idrett ut frå gjeldande læreplan og det enkelte individ sine interesser og behov.
Kva fag idrettspsykologi er? Korleis psykologiske prosessar påverkar våre val til idrett og fysisk aktivitet, og i tillegg vår idrettslege prestasjonsevne.
Idrettspedagogikk:
Kroppsøvingsfaget si historie og utvikling. Kva er pedagogikk, didaktikk og fagdidaktikk. Didaktisk relasjonsteknikk/ didaktisk relasjonsmodell. Fagplanar og fagplananalyse. Planlegging i kroppsøving og idrett. Overordna mål, fagmål og undervisningsmål. Lærarrolla i kroppsøvingsfaget – instruktørrolla i idrett.Undervisningsmetodar, arbeidsmåtar og undervisningsprinsipp. Tilpassa opplæring i kroppsøving og idrett. Rammefaktorar. Vurdering og karaktersetting i kroppsøvingsfaget. Forskings- og utviklingsarbeid i kroppsøvingsfaget.
Idrettspsykologi:
Personlegdom og personlegdomsutvikling. Motivasjon. Angst. Gruppepsykologiske prosessar. Spenningsregulering og mental trening.
Førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid
2 veker i vårsemesteret. Grunnskule, vidaregåande skule, leirskule eller folkehøgskule.
4 innleveringar med forankring i emnet.
Endring etter dekanvedtak, 21.09.2005:
ID3-xxx Idrettspedagogikk/idrettspsykologi, praksis: Individuell, skriftleg eksamen.
Tid: 4 timar
Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar.