Obligatorisk emne i 2. år bachelor friluftsliv
Kunnskapar i å planlegge, organisere og leie ulike friluftslivsaktivitetar.
Fullført 1.år bachelor idrett, lærarutdanning (obligatorisk del) eller tilsvarande.
Gjennom modulen skal studenten:
- Tilegne seg kunnskap om ulike vegledingsmodellar
- Tilegne seg kunnskap om trygging, risiko, ulykke, uhell og gruppepsykologi
- Lære å legge til rette og gjennomføre friluftsliv i skulen med bakgrunn i læreplanverka
Førelesningar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Studentaktive læringsformer som prosjektarbeid og framleggingsoppgåver vil verte sentralt i undervisninga.
- Frå bre til kyst, 3 dagar
- Ekskursjon vegleda av B3 studentar.
I samband med ekskursjonar må studentar ved HSF vera budd på å betale ein eigenandel. Vi viser til HSF sitt fellesreglement for dekking av bu- og reiseutgifter: www.hisf.no/studadm/reglement/bu-reiseutgifter.htm
- Gjennomførte ekskursjonar og obligatorisk oppmøte til praktisk undervisning
- Godkjenning av turlogg
- Godkjenning av praksisrapport
Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart. Endeleg pensumliste skal vere klar innan 15. september for haustsemesteret og 15. februar for vårsemesteret.