Kode
PE305
Namn
PEDAGOGIKK I ALLMENNLÆRARUTDANNINGA
Studiepoeng
30.00
Kategori
Obligatorisk fag i den 4-årige allmennlærarutdanninga. Rammeplan av 2003.
Tid
1. studieår: 10 studiepoeng
2. studieår: 20 studiepoeng
Mål for emnet
Målet er å utvikle studentane sitt pedagogiske og personlege grunnlag for å arbeide som lærarar i grunnskulen. For å nå dette målet må studentane tileigna seg følgjande kompetansar:fagleg kompetanse, didaktisk kompetanse, sosial kompetanse, endrings- og utviklingskompetanse og yrkesetisk kompetanse.
Dei tre definerte målområda er fordelt på dei to studieåra med gjennomgåande spiralperspektiv.
Første studieår:
1) Læraren, eleven og opplæringa
2) Læraren og eleven i organisasjonen
Andre studieår:
3) Læraren og eleven i samfunnet
Innhald / oppbygging
Lærarrolla og didaktikk er gjennomgåande tema alle fire semestera.
1. semester: Observasjon, utviklingspsykologi, kommunikasjon og samspel
2. semester: Læringspsykologi, læreplananalyse, tilpassa opplæring
3. semester: Pedagogisk utviklingsarbeid, skuleutvikling, forskningsmetodar
4. semester: Oppvekst og skule i historisk, filosofisk og samfunnsmessig perspektiv
I møtet mellom desse målområda, innhald og praksisoppgåver blir tema for arbeid innan pedagogikkfaget til. I haustsemesteret 2.studieår, skal studentane gjennomføre eit utviklingsarbeid. Vidare konkretisering av innhaldet i studiet ligg i kursomtalen og måldokumenta.
Undervisnings- og læringsformer
Tre prinsipp er basis for val av arbeidsformer:
1. Variasjon når det gjeld læringsarena og aktivitet.
2. Eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppesamanhengar, basis, seminar, førelesing, prosjekt og praksis.
3. Yrkesrelevante arbeidsformer gjennom aktivitetar som førebur til yrket.
Biblioteket er ein sentral samarbeidspartnar.
IKT blir nytta som læringsverktøy i studiet.
Praksis
Pedagogikkfaget er med på førebuing, regionsamlingar og etterarbeid begge studieåra i samsvar med arbeidsplanen for praksis.
Arbeidskrav
- Kurs- og temadagar med tverrfagleg/tverretatleg innhald, jf.kursomtalen
- Praksis; praksisførebuing, gjennomføring og etterarbeid
- Obligatorisk oppmøte til delar av undervisninga. Kva delar dette
gjeld går fram av undervisningsoversikta for faget
- Eit refleksjonsnotat 1. og 2. semester:
- 1. semester: Individuell skriftleg oppgåve
- 3. semester: Arbeidskrav knytt til PU-arbeid
- 4. semester: Individuelt, skriftleg oppgåve
Sluttvurdering
1. studieår: Vårsemesteret
a) PE305 301 Individuell, skriftleg heimeeksamen
Eksamenstid: 2 dagar
Vekting: 20 %
2. studieår: Haustsemesteret
b) PE305 304 Rapport frå det pedagogiske utviklingsarbeidet.
Vekting 20%
c) PE305 303 Munnleg gruppeeksamen. Utgangspunkt i problemstillingar frå det pedagogiske utviklingsarbeidet.
Vekting: 20 %
Vårsemesteret
d) PE305 302 Skriftleg, individuell eksamen
Eksamenstid: 6 timar
Vekting: 40 %
Pensum
Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart. Endeleg pensumliste skal ligge føre innan oppmeldingsfristen til eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar.
Pensumlistene ligg på Classfronter