Kode
HK300
Namn
HEIMKUNNSKAP 1- DNETT 4A
Studiepoeng
15.00
Kategori
Obligatorisk valfag i 3. studieår i den 4-årige allmennlærarutdanninga. Rammeplan av 1999.
Tid
4. studieår, haust- og vårsemester
Mål for emnet
Studiet skal vere praksisrelatert for å kvalifisere studentane for undervisning i heimkunnskap i grunnskulen.
Rammeplanen for heimkunnskap i allmennlærerutdanninga er knytt opp mot følgjande 5 område:
- Fagdidaktikk
- Mat og kultur
- Livsstil og helse
- Forbruk og økonomi
- Barne- og familiekunnskap
Måla i dei ulike områda grip inn i kvarandre. I tillegg til å vere eige målområde, er fagdidaktikken integrert i dei 4 andre målområda.
Innhald / oppbygging
Heimkunnskapsstudiet er problemorientert, og læreplanarbeidet skjer i samarbeid mellom faglærer og studentar. Studentane har ansvar for å utarbeide, gjennomføre og evaluere eigne arbeidsplanar. Det blir nytta ulike praktiske innfallsvinklar til kunnskap om mat, kultur og tradisjon, omsorg og helse m. a. ved tema- og prosjektarbeid.
Sentrale tema ved HSF:
- Kultur og tradisjon i eit fleirkulturelt miljø
- Bærekraftig forbruk
- Aldersblanding
- Læreplanarbeid og læreprosessar ved fådelte skular
- IKT som lærings- og arbeidsverktøy
Undervisnings- og læringsformer
Studiet er organisert med region samlingar, lokale studiegrupper og individuelt arbeid. Arbeidsformene vil vere varierte, men med hovudvekt på praktisk aktivitet. I dei praktiske timane vil det metodiske grunnlaget vere sentralt, som t.d. læringsmål, planlegging, ulike arbeidsmåtar og organisering. Her blir det ei blanding av lærarstyrt undervisning og der studentane får ansvaret/prøvd seg. Teori frå dei ulike områda blir integrert i praktisk arbeid. Ein del av undervisninga vert førelesningar og i studiegrupper. Mellom samlingane føreset me aktiv bruk av studiegrupper. IKT vert aktivt nytta som kommunikasjons- og informasjonskanal, og som læringsverktøy for dialog og rettleiing.
Praksis
Går inn som del av obligatorisk praksis i allmennlærarutdanninga
Arbeidskrav
Deler av undervisninga er obligatorisk. Kva deler dette gjeld, går fram av undervisningsoversikta i emnet.
- Arbeid med mappe gjennom heile året
Mappa skal innehalde:
- fire individuelle skriftlege arbeider/loggar frå praktisk arbeid
- eit skriftleg arbeid/logg frå praksis
- ei didaktisk skisse frå sjølvvald tema (gruppe)
- ein kort prosjekt rapport (gruppearbeid)
- eitt individuelt kort refleksjons notat om arbeid med eiga mappe
I presentasjonsmappa skal studenten velje ut tre individuelle skriftlege arbeid/loggar og eitt gruppearbeid.
Mappa skal vise kva studenten har arbeid med innanfor dei fem fagområda, og dei ulike arbeida skal innehalde fagdidaktisk drøfting og refleksjon.
Sluttvurdering
Vårsemesteret
Vurderinga skal gjere det mogleg for studenten å få vist breidda i fagleg kompetanse. For å nå målet skal kvar student legge fram ei mappe som kan nyttast aktivt ved eksamen.
Eksamen inneheld føljande komponentar:
Todelt praktisk/didaktisk prøve som tek utgangspunkt i mappe og innlevert skrifteleg materiale.
a) HK300 101 Munnleg eksamen i gruppe (to evt. tre studentar)
Eksamenstid: 15 min.
Vekting: 50%
b) HK300 102 Praktisk, individuell eksamen
Eksamenstid: 15 min. pr. student
Vekting: 50%
Ein må ha bestått både munnleg og praktisk deleksamen for å få godkjend eksamen.
Materialavgift: Studentane må betale materialavgift som er vedteken av avdelinga.
Pensum
Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart. Endeleg pensumliste skal ligge føre innan oppmeldingsfristen til eksamen.