KJ415 Kjemi

Kode
KJ415

Namn
Kjemi

Studiepoeng
10.00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorstudia i akvakultur, ressursgeologi og landskapsplanlegging

Tid
1. studieår,haust blokk 3

Mål for emnet

Studentane skal kunne gjere greie for dei viktigaste omgrepa innan generell kjemi. Dei skal kunne løyse rekneoppgåver ut frå gitte data. Dei skal kunne handsame laboratorieutstyr på rett måte, og arbeide raskt og nøyaktig på laboratoriet.

Forkunnskapar

Kjemikunnskapar som tilsvarar 2KJ på vidaregåande skule. Studentar med dårlegare fagleg bakgrunn enn dette, vert rådde til å kjøpe boka Chemica (Jan Sire, Fagbokforlaget) og drive sjølvstudium i kapittel 1, 2 og 3 før forkurset i kjemi som tek til i byrjinga av august. På forkurset vert Chemica nytta.

Innhald / oppbygging

Kurset tek føre seg oppbygginga hos atom og molekyl, mol-omgrepet, gasslovene, det periodiske systemet, kjemiske jamvekter, syre-base teori, bindingsteori og organisk kjemi.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, rekneøvingar, seminar og laboratoriearbeid.

Arbeidskrav

Godkjend laboratoriejournal. Godkjende gruppeoppgåver. Godkjende individuelle oppgåver.

Sluttvurdering

Skriftleg prøve 4 timar. Bokstavkarakter.

Lovlege hjelpemiddel: Enkel kalkulator, periodisk system, tabellverket ChemicaData.

Pensum

Sire, Jan: Chemica. Lærebok i generell kjemi, 2.utgåve. Fagbokforlaget 1998.
Sire, Jan: Studiebok i generell kjemi, Fagbokforlaget 1996.
Sire, Jan: ChemicaData. Tabell og formelsamling i generell kjemi. Fagbokforlaget 1995.
Sire, Jan: Laboratoriekurs i generell kjemi. HSF kompendium, 2004.