OR2-301 Styrt praksis

Kode
OR2-301

Namn
Styrt praksis

Studiepoeng
10.00

Kategori
Valfritt emne i ingeniørstudiet.



Tid
3. år, vårsemesteret


Mål for emnet

Studentane skal gå gjennom arbeidspraksis der dei får innsikt i praktiske og teoretiske oppgåver.

Forkunnskapar

Praksis byggjer på alle tidlegare emne i studiet. Ein må ha greidd 120 studiepoeng i ingeniørstudiet. Det kan søkast studieleiar om unnatak frå denne regelen.

Innhald / oppbygging

Praksisen skal vere relevant for den studieprofilen studenten legg opp til. Studenten skal ta del i og få innsikt i bedrifta sine praktiske arbeidsoppgåver. Han/ho bør trekkast inn i faglege diskusjonar og vere til stades på konferansar, seminar, kurs m.m.

Undervisnings- og læringsformer

Praksisperioden er på 28 dagar (7.5 time pr. dag). Studenten har ein rettleiar på praksisplassen, og ein kontakt på høgskulen. Det skal utarbeidast ein rapport i samarbeid med praksisverten.

Arbeidskrav

Dagbok, signert av arbeidsgjevar, som fortel kort kva oppgåver ein har jobba med, dag for dag. Dagboka skal leverast til kontaktpersonen ved høgskulen ein gong i månaden. Det er krav om 90% oppmøte på arbeidsplassen. Alt fråvere skal vere dokumentert. Det skal også leverast praksisrapport etter nærare oppgitt mal. Innleveringsfrist vil stå ieksamensplanen.

Sluttvurdering

Greidd/ikkje greidd basert på oppmøte, praksisdagbok og praksisrapport.