Få kunnskap om: Språket som verktøy for god kommunikasjon, samanhengen mellom sendar, mottakar, situasjon, mål, innhald og form i ein kommunikasjonsprosess, grammatikk, språklege, stilistiske og grafiske verkemiddel, dei viktigast sjangrane i skjønnlitteratur og sakprosa, norsk litteratur med hovudvekt på tida etter 1940, hovudtrekk i språksituasjonen og språkutviklinga i Noreg, massemedia og korleis dei fungerer, prosjektarbeid
Utvikle ferdigheiter i: Å bruke språket som verktøy til kommunikasjon skriftleg og munnleg i ulike sjangrar, å bruke mål- og mottakaranalyse, å bruke IKT-hjelpemiddel, å strukturere stoff, å gjere greie for fagleg kunnskap, å vurdere/kommentere tekstar av ulike sjangrar i litteratur og sakprosa, å kunne uttrykke seg både på hovudmålet og sidemålet, å tileigne seg kunnskap og informasjon gjennom ulike kanalar, å planlegge, gjennomføre og presentere prosjektarbeid
Tileigne seg haldningar i: Å bli trygg på seg sjølv og eigen identitet, å bli språkleg, kulturelt og samfunnsmessig bevisst om allmenndanninga sin eigenverdi, god kommunikasjon si tyding for arbeids- og samfunnsliv
Vert undervist med 8 timar i veka.
Informasjonsinnhenting og samarbeid
Litteratur
Språket og kommunikasjonsprosessen Skriftleg framstilling
Munnleg framstilling
Prosjektarbeid
Sidemål
Førelesingar, øvingsoppgåver individuelt og i gruppe.
Eitt prosjektarbeid med rapport og munnleg presentasjon, samt ei mindre særoppgåve i sentrale emne i faget.
Obligatorisk oppmøte til samtale - og skriveøkter
Mappe (5 element, 50%).
Skriftleg eksamen, 5t (50%).
Skriftleg eksamen må vere greidd. Hjelpemiddel: Ordlister