Study Programmes 05/06 / Courses / FACULTY OF HEALTH STUDIES / Further Training / PS120 Psykisk helsearbeid, fellesdel  

PS120 Psykisk helsearbeid, fellesdel

Kode
PS120

Namn
Psykisk helsearbeid, fellesdel

Studiepoeng
30.00

Kategori
Obligatorisk del av tverrfagleg vidareutdanning i psykisk helsearbeid. Heile studiet består av to emne, kvar på 30 poeng. Studentane må ha gjennomført og greidd fellesdelen før dei kan starte på emne 2, fordjupingsdel.

Tid
haust 2004 og vår 2005

Mål for emnet
  • Emnet skal samla gje studentane utvida kunnskap og vidareutvikle kunnskapar om menneske med psykiske lidingar og rusavhengigheit i ulike fasar av livet og ulike perspektiv på behandling. Studentane skal kunne gjere greie for ulike vitskapsteoriar og konsekvensar for syn på menneske, helse og liding. Studentane skal vidareutvikle respekt og forståing får dei ulike profesjonane og legge til rette for felles omgrep og forståingsramme. Studentane skal arbeide med bevisstgjering av eigen kommunikasjon og samhandling. Dei skal og utvikle forståing for norsk psykiatri i eit historisk perspektiv og om utviklinga av psykiatri innan helse- og sosialtenesta.
  • Kunne utøve helsefremjande og førebyggande tiltak
  • Kan gjere bruk av forsking
Innhald / oppbygging

Emnet er sett saman av tre undervisningsbolkar.

Bolk 1: Mennesket, psykiske lidingar/avhengigheit og det sosiale miljø (12 studiepoeng)

  • Ulike vitskapsteoriar og konsekvensar for syn på menneske, helse og liding
  • Omgrepsforståing: kunnskap, avvik, sosiale roller, makt og avmakt hos brukar og livskvalitet
  • Krise
  • Utviklingspsykologi
  • Ulike psykiske lidingar
  • Avhengigheit
  • Behandlingsmodellar

Bolk 2: Kommunikasjon, samhandling og konfliktløysing 9 studiepoeng

  • Samhandling og kommunikasjon, relasjonskunnskap og relasjonsforståing
  • Tverrfagleg og fleifagleg samarbeid
  • Handtering av konflikter
  • Fagleg veileding

Bolk 3: Organisering av tenestene for menneske med psykiske lidingar (9 studiepoeng)

  • Psykiatrien si historie og ei rusomsorg i endring
  • Frivilligheit, sjølvhjelp og brukarstyring
  • Folkehelseperspektiv, migrasjon, miljø og kultur
  • Kjønn kropp og kultur
  • Ungdom og kultur
Arbeidskrav

Arbeidskrav må vere utført for å framstille seg for eksamen:

  • Bolk 1: Mennesket, psykiske lidingar/avhengigheit og det sosiale miljø (12 studiepoeng):
    Ei skriftleg oppgåve relatert til grunnlagstenking/grunnlagsforståing, inngår i læringsmappa. Omfang (6 sider) 16200 teikn.
    Ei skriftleg oppgåve relatert til psykiske lidingar/avhengigheit, inngår i læringsmappa. Omfang (6 sider) 16200 teikn
  • Bolk 2: Kommunikasjon, samhandling og konfliktløysing (9 studiepoeng)
    Obligatorisk deltaking i veiledingsgrupper
    Ei skriftleg oppgåve relatert til ferdigheitstrening i samhandling, inngår i læringsmappa. Omfang (4 sider) 10800 teikn.
  • Bolk 3: Organisering av tenesta for menneske med psykiske lidingar (9 studiepoeng)
    Tverrfagleg prosjektarbeid i grupper knytt til psykisk helsearbeid i eit samfunnsperspektiv. Faglærar skal godkjenne problemstillinga. Gruppa kan få 4 timar veiledning av faglærar. Arbeidet skal føre til ein prosjektrapport. Prosjektrapporten skal vere på maks. (15 sider) 40500 teikn og inngår i læringsmappa.
Sluttvurdering

PS 120 Psykisk helsearbeid, fellesdel:

  • PS120 001 Mappevurdering. To arbeidskrav vert trekt ut av læringsmappa, 50%.
  • PS 120 002 Prosjektrapport m/framlegg, 50%.
Pensum

Pensum vert lagt fram ved studiestart