Study Programmes 05/06 / Courses / FACULTY OF HEALTH STUDIES / Music Therapy / Musikkterapeutiske emneområde (NMH)  

Musikkterapeutiske emneområde (NMH)

Namn
Musikkterapeutiske emneområde (NMH)

Studiepoeng
60.00

Kategori
Emnet har et omfang på 60 studiepoeng, fordelt med 50 studiepoeng på terapeutiske delemner som normalt undervises over alle fire semestre, og 10 studiepoeng på musikkfaglige delemner som normalt undervises i de to første semestrene.

Emneområdet tilhører profesjonsdelen av Masterstudiet i Musikkterapi.

Tid
Emnet går over fire semester

Mål for emnet

Gjennom arbeid med delemnene skal studenten utvikle sine ferdigheter og sin holdnings- og handlingskompetanse i ulike musikkterapautiske situasjoner. Emnet skal stimulere til personlig utvikling med vekt på refleksjon og samarbeid.

Innhald / oppbygging

Ved HSF vert følgande sju kurs gitt innan delen "Terapeutisk emne:

Musikkterapeutisk improvisasjon (12 studiepoeng)

Undervisninga i musikkterapeutisk improvisasjon er lagt opp etter ein progresjon der dei tre studieåra (inklusivt året på Musikk og helse) vert sett i samanheng:

·På Musikk og helse er ikkje improvisasjon eit eige emne, men improvisasjon er integrert inn i fleire andre emne. I Musikkaktivitet står lydleikar og gruppeimprovisasjon sentralt, og vil for studenten kunne fungere som ei første utforsking av dei musikalske og mellommenneskelege mogelegheiter improvisasjon gjev.

·På første året av masterstudiet ligg fokus på dialogiske improvisasjonar, i forlenginga av tradisjonen etter Nordoff og Robbins (det vert arbeidd fritt i denne tradisjonen, m.a. ved at det vert opna for bruk av andre hovudinstrument enn piano)

·På andre året av masterstudiet ligg fokus på rollespel, noko som gjev rom for tilpassing av metodikk til føresetnader hjå den enkelt student og hjå aktuelle målgrupper.

Musikkterapeutisk teori og metodikk (18 studiepoeng)

Innhaldet i emnet er fordelt på følgjande hovudtema:

·Praksisfelt og arbeidsformer / målgrupper

·Metodiske grunnprinsipp

·Teoretisk forankring

·Profesjonskunnskap.

Det vert lagt opp til ein kombinasjon av ein semesterstyrt og moduljustert progresjon. Nokre tema er knytt til semester 1 og 4 (12 timar kvart av desse semestera), medan andre tema er knytt til to alternerande modular og vil verte fordelte utover dei semestera (33 timar per modul). Modul­progresjonen er tilpassa modulane i Spesial­pedagogikk og Psykologi.

BMGIM (2 studiepoeng)

Undervisninga inneheld bakgrunn for og definisjon av BMGIM og gjev innføring i struktur og arbeidsfasar i BMGIM-sesjonar. Kursdeltakarane deltar i oppvarmingsøvingar og ulike former for induksjon (avspenningsøvingar). Vidare vert det arbeidd med lytting i gruppe basert på små utvalde musikkstykke. Det vert også gjennomgang av kva musikkprogram som finst. Kursdeltakarane får vidare høve til å gjennomføre BMGIM-dyadar. Det inneber ein BMGIM-sesjon som “reisande” i tillegg til ein sesjon som “guide”. Undervegs i kurset vert teoretiske og etiske problemstillingar knytt til gjennomføring av BMGIM drøfta.

Relasjons- og kommunikasjonserfaring

Gjennom arbeid med delemnet skal studenten tilegne seg grunnleggende kommunikative ferdigheter for arbeid med mennesker. Han/hun skal utvikle evne til å registrere og beskrive sosialt samspill og bevissthet om egne holdninger.

Innhold

Aktuelle temaer kan være

· Innsikt i individuelle og gruppedynamiske prosesser

· Øvelse i kontakt og samarbeid

· Refleksjon omkring den terapeutiske samtalen

· Erfaring med å veilede

· Grunntrening i

-å være nærværende

-å merke egne og andres grenser

-å være sentrert i kontakt med andre mennesker

Nevropsykologi/medisin (3 studiepoeng)

sjå undervisnongsplan for nærare informasjon

Spesialpedagogikk (6 studiepoeng)

Undervisninga i spesialpedagogikk byggjer vidare på innføringskurset i spesialpedagogikk gitt i årsstudiet i Musikk og helse. På mastergradsstudiet i musikkterapi er emnet inndelt i to modular, som skal samordnast med tilsvarande modular i Psykologi og i Musikkterapiteori og –metode. Modulane vil verte lagt opp som fellesundervisning for begge kull, og rekkefølgja på modulane vil derfor alternere.

Modul I: Enkelte vanskeområde med påfølgande tiltak

Denne modulen skal gje studenten innblikk i enkelte vanskeområde og korleis ein kan møte problematikken.

  • Psykososiale vanskar: enkelte diagnosar og spesialpedagogiske tiltak
  • Multifunksjonshemning
  • Sansedefektar: hørsel, syn
  • Sansemotorikk
  • Alternativ kommunikasjon.
Modul II: Samarbeid med foreldre/andre, samt fokus på tidlege og ressursorienterte tiltak

Denne modulen skal gje studenten eit innblikk i ulike samarbeidspartnarar, der hovudvekta vert på samarbeid med foreldre. Vidare skal studenten ha kunnskap om spesialpedagogisk kartlegging og planarbeid, og det vert fokusert på tidleg intervensjon og bruk av leik som tiltak.

  • Samarbeid med foreldre
  • Tverrfagleg/tverretatleg samarbeid
  • Spesialpedagogisk kartlegging og planarbeid
  • Tidleg intervensjon
  • Leik, som læring og spesialpedagogisk tiltak.

Psykologi (6 studiepoeng)

Psykologiundervisninga på masterutdanninga er delt inn i to modular og alternerande kurs i samfunnspsykologi. Modulane vert tilbydd som fellesundervisning for begge masterkull, medan kursa i samfunnspsykologi også inkluderer studentane i Musikk og helse. Rekkefølgja på modulane og kursa vil derfor alternere.

Modul I: Psykopatologi og psykisk helsevern

Denne modulen skal gje studenten ei generell innføring i psykiatri, psykisk helsevern og psykologiske modellar for psykopatologi.

Mål for modulen kan skisserast slik; etter gjennomført semester bør studenten:

·Ha kjennskap til deskriptiv diagnostikk

·Kunne gjere greie for dei viktigaste diagnosegruppene

·Kunne gjere greie for dei vanlegaste lidingane/diagnosane innan kvar gruppe, i høve til symptom, konsekvensar for generell fungering, behandling, osv.

·Kunne gjere greie for viktige forståingsmodellar i høve til psykopatologi og psykisk liding

·Kunne reflektere sjølvstendig omkring emne som normalitet, patologi og behandlingsmål.

Innhald for modulen kan skisserast i høve til desse hovudtema:

  • Diagnosesystem
  • Psykiske lidingar
  • Drøfting omkring patologi og normalitet
  • Generelle utfordringar for menneske med psykiske lidingar
  • Viktige psykologiske forståingsmodellar.
Modul II: Psykologisk teori og forsking

Denne modulen skal gje studenten meir inngåande kjennskap til psykologisk teori og forsking av relevans for Musikkterapeutisk teori og -metodikk. Psykologisk teori og forsking vert sett som eit viktig fundament for musikkterapifaget. Gjennom denne modulen vil studenten utvikle forståing si av dette grunnlaget.

Mål for modulen kan skisserast slik; etter gjennomført semester bør studenten:

  • Ha tilegna seg kunnskap om for musikkterapien relevant psykologisk teori og forsking
  • Kunne gjere greie for sentral forsking og sentrale delar av det teoretiske stoffet.

Innhald for modulen kan skisserast i høve til desse hovudtema:

  • Sentral forsking i høve til utviklingspsykologi og livslang utvikling
  • Nokre relevante teoretiske perspektiv, som Sjølvpsykologi, Tilknytingsteori, Affektteori, Positiv psykologi og Narrativ psykologi.
Samfunnspsykologi

Dette kurset har tre alternerande tema:

Tema 1: Kva er samfunnspsykologi? (8 timar)

Denne bolken er meint å gje ei innføring i temaet samfunnspsykologi. Det samfunns­psykologiske perspektivet vil bli presentert, og framveksten av feltet vert skildra. I tillegg vert nokre av utfordringane ein står overfor tekne opp, mellom anna dei psykiske lidingane sitt omfang og samanhangen med demografiske forhold som sosioøkonomisk status.

Tema 2: Lokalsamfunn, sosiale nettverk, sosial støtte og stress (8 timar)

Andre menneske er ein viktig helseressurs, men kan også påføre stress og belastningar. I denne bolken vil vi definere ein del sentrale omgrep som til dømes sosialt nettverk, sosial støtte og sosialt stress. Vidare vil det bli gitt ei oversikt over ulike typar stressfaktorar. Det vert også gjort greie for ”direkte effekt” og ”buffer”-hypotesane. Også community-omgrepet vil bli omtalt.

Tema 3: Empowerment-omgrepet og førebyggjande strategiar og tiltak (8 timar)

Det finst etter kvart ganske omfattande erfaringar med førebyggjande og helsefremjande tiltak på området mental helse. I denne bolken vil vi presentere eksempel på førebyggjande tiltak som har vist seg å vere effektive. Det vert lagt vekt på å vise korleis evalueringar som er bygde på gode forskingsdesign gir den mest verdifulle informasjonen om verknadene av førebyggjande tiltak. Empowerment-omgrepet vert presentert og drøfta.

Innan delen "Musikkfaglege emne" vert det undervist i:

  1. Arrangering og komposisjon
  2. Bruksinstrument

ARRANGERING OG KOMPOSISJON

Gjennom arbeid med delemnet skal studenten videreutvikle sin egenferdighet og trygghet på musikalsk/kreativt håndverk, samt lære seg ulike arrangerings- og komposisjonsteknikker som er hensiktsmessig i en musikkterapeutisk arbeidssituasjon.
Innhold
Aktuelt innhold er

  • Instrumentasjon og notasjonsteknikker
  • Spesielle skalaer, modaliteter og tonaliteter
  • Låtskriving/arrangering/komponering for ulike besetninger og besetninger med særskilte behov
  • Lynarrangering
  • Intuitiv komponering

BRUKSINSTRUMENT

Bruksinstrument kan være klaver, gitar eller akkordeon. Studenter som velger gitar skal beherske både akustisk og elektrisk gitar. Gjennom arbeid med delemnet skal studenten videreutvikle sine musikalske, tekniske og improvisatoriske ferdigheter til å forme musikalske uttrykk. Undervisningen blir lagt opp slik at studenten skal lære seg å bruke instrumentet fleksibelt.

Innhold
Aktuelt innhold er:

  • Besifringsspill
  • Gehørspill
  • Skalaer, modaliteter og transponering
  • Primavistaspill
  • Spill av småstykker i ulike stilarter
  • Improvisasjon
  • Ulike rytmiske strukturer

Emnet omfatter arbeid med ulike sjangere, stilarter og akkompagne­ments­typer. Gjennom emnets ulike arbeidsmåter vil det bli lagt vekt på å utvide den enkelte students musikalske horisont, uttrykksevne og vokabular. Undervisningen i arrangering og komponering er en kombinasjon av forelesninger, lytting og praktiske øvelser. Det forutsettes stor grad av egenaktivitet og aktiv deltakelse i undervisningen, og studentenes egne arbeider vil bli prøvd ut og gjennomgått i gruppen. Undervisningen tilrettelegges etter studentenes bakgrunn og kunnskap. Det er viktig at undervisningen ses i sammenheng med musikkterapeutens arbeidsmåter og studentenes praksis.

Arbeidskrav

Arbeidskrav knytt til Terapeutiske emne:

Musikkterapeutisk improvisasjon:

Det er forventa at studentane deltar aktivt i all undervisning, gjennom aktivitetar og øvingar og gjennom personleg og fagleg refleksjon. Spesifikke arbeidskrav for emnet er:

- 1. semester: Framføring av minimum to improvisasjonar (1 på hovudinstrument og 1 med stemme, gjerne i par eller gruppe) på huskonsertane ved studiet

- 2. semester: a) Framføring av minimum ein improvisasjon (på bruksinstrument, gjerne i par eller gruppe) på huskonsertane ved studiet, b) Framlegging i undervisning av erfaringar frå bruk av improvisasjon i praksis.

- 3. semester: a) Aktiv deltaking i rolle spel, b) Ha gjennomført og levert inn minimum 1 grundig IAP-analyse av ein improvisasjon (t.d. ein sekvens på 1-3 minutt).

- 4. semester: Aktiv deltaking i rollespel.

Musikkterapiteori og -metodikk

- 1. semester: 3 korte heimeoppgåver

- 4. semester: Framlegg av kasus frå praksis, med teoretisk forankring

- Modul 1: Framlegg av paper om musikkterapi i høve til utvald målgruppe

- Modul 2: Framlegg av ein musikkterapeutisk teori, med vekt på teoriens relevans for metodikk og praksis.

BMGIM

Greidd kurs føreset:

  • Oppmøte og aktiv deltaking på kurset
  • Godkjend prosessnotat (2-3 s) utarbeidd etter kurset. Notatet skal innehalde ei kort beskriving av: a) komponentane i kurset, b) kva roller studenten sjølv har hatt, c) kva studenten meiner å ha lært og kan bringe med seg vidare i studium og framtidig yrke.

4. Relasjons- og kommunikasjonserfaring

arb. krav vert spesifisert i undervisninsplan

5. Nevrospykologi/medisin

Arb. krav vert spesifisert i undervisningsplan

6. Spesialpedagogikk

Studentane skal dokumentere spesialpedagogisk innsikt gjennom individuelt arbeid, gruppearbeid og evne til å bruke teori i ulike oppgåver ved studiet. Arbeidskrav vil alternere med modulane:

Modul I:
  • Skrive referat frå pensum i forhold til utvalde tema
  • Kasus, rollespel.
Modul II:
  • Skriftleg heimeoppgåve
  • Gruppearbeid og presentasjon
  • Analysere ein leikesekvens.

Psykologi

Studentane skal dokumentere psykologisk innsikt gjennom individuelt arbeid, gruppearbeid og evne til å bruke teori i oppgåver og andre fag på musikkterapistudiet

Arbeidskrav Modul 1

Godkjent resultat på skriftlig kunnskapsprøve

Arbeidskrav Modul 2

Godkjent resultat på heimeoppgåve.

Arbeidskrav Samfunnspsykologi

Det vert forventa at studentane førebur seg til undervisninga ved å lese dei relevante delane av pensum og kan involvere seg aktivt ved å stille spørsmål og ved å delta i diskusjonar.

Arbeidskrav for musikkfaglige delemner:

Arrangering/komponering:

- studentene kan pålegges å levere inntil 80% av øvingsoppgavene som blir gitt. Disse skal inngå i arbeidsboken for musikkterapeutisk emneområde. Eksempler på innhold er sanger, lydleker, bevegelsesaktiviteter, instrumentale arrangementer, dramaaktiviteter og improvisasjonsøvelser

Bruksinstrument:

- bestått intern prøve

Sluttvurdering

Studentens arbeid med musikkterapeutisk emneområde vurderes i forhold til emnets mål og innhold. For å få avsluttende vurdering må alle arbeidskrav i emneområdet være gjennomført. Avsluttende vurdering uttrykkes med gradert karakter på bakgrunn av arbeider som inngår i mappe og praktisk-muntlig eksamen. Hver av delene teller 50 % i den samlede vurdering.

Mappe

Innen 15. mai/15. november i avsluttende semester legger studenten frem en mappe med utvalgte arbeider fra studiet. Mappen skal bestå av:

Seks utvalgte og, om ønskelig, reviderte arbeider fra arbeidsboken i musikkterapeutiskemneområde. Til hvert arbeid skal det legges ved en kort beskrivelse av anvendelsesmåte, aktuelle mål og brukergrupper/-situasjoner. Arbeidene velges ut fra følgende fordeling:

  • tre arbeider fra musikkterapeutisk teori og metode
  • tre arbeider fra arrangering og komposisjon

Mappen vurderes av en kommisjon bestående av to interne sensorer. Det gis én samlet karakter på innholdet i mappen. Avsluttende vurdering uttrykkes med gradert karakter.

Praktisk-munnleg eksamen

Praktisk-muntlig eksamen avholdes i avsluttende semester. Studenten får her mulighet til å vise sine ferdigheter innenfor hele det musikkterapeutiske område, samt evne til personlig og teoretisk refleksjon.

Praktisk-muntlig eksamen har en varighet på ca. 45 minutter, og kan i henhold til studieplanen organiseres på to ulike måter. Ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har en lagt grunn det såkalla alternativ 1 i studieplanen:

Alternativ 1) Eksamen omfatter en praktisk del på ca. 25 minutter hvor studenten tilrettelegger og gjennomfører et musikkterapeutisk opplegg i form av rollespill. Den øvrige tiden benyttes til samtale og spørsmål vedrørende presentasjonen. Studenten skal overfor eksamenskommisjonen kunne gjøre rede for og begrunne valg av metode. Oppgaven, i form av klientbeskrivelser, er levert ut én uke på forhånd.

Praktisk-muntlig eksamen vurderes av en kommisjon bestående av to interne og én ekstern sensor.