Study Programmes 05/06 / Courses / FACULTY OF HEALTH STUDIES / Nursing, Bachelor Programme... / SK154 Sjukdomslære, farmakologi, medikamentrekning. Emne 4  

SK154 Sjukdomslære, farmakologi, medikamentrekning. Emne 4

Kode
SK154

Namn
Sjukdomslære, farmakologi, medikamentrekning. Emne 4

Studiepoeng
15.00

Kategori
Obligatorisk del av bachelorstudiet i sjukepleie



Tid
Heiltid: Første og andre semester/1.studieår
Deltid: Andre og tredje semester/1. og 2.studieår



Mål for emnet

Studenten:

  • Forstår kva som skjer i kroppen når det oppstår skader, feilfunksjon eller sjukdom
  • Kan gjere greie for ulike årsaker til utvikling av sjukdom
  • Har forståing for korleis skade og sjukdom innverkar på den menneskelege organismen hjå barn, vaksne og eldre
  • Har kunnskap om aldersdemens og hjerneslag og ser konsekvensar for pasient og familie
  • Tileignar seg kunnskap om ulike behandlingstilbod
  • Ser dei konsekvensar sjukdom og behandling har for utøving av sjukepleie
  • Kan gjere greie for hovudgrupper av medikament som vert nytta i medisinsk behandling
  • Kan gje basal hjerte / lungeredning
  • Har kjennskap til og kan delta i avansert hjerte / lungeredning
  • Har kunnskap om filosofiar som vert lagt til grunn for alternativ behandling
  • Kan utføre legemiddelhandtering på sjukehus
  • Kan gjere greie for lover og forskrifter som regulerer legemiddelhandtering.
  • Kan gjere greie for ulike legemiddelformer og korleis dei vert administrert.
  • Kan administrere medikament nøyaktig og gjere greie for mogelege komplikasjonar
  • Kan gjere greie for forsvarleg administrasjon av legemiddel og utfører feilfri medikamentrekning (100 % rett)
  • Kan gjere seg nytte av felleskatalogen
  • Kan gjere greie for hygiene ved administrering av legemiddel og intravenøse væsker
  • Kan gjere greie for ansvaret sjukepleiar har i administrering av medikament
Forkunnskapar

Det krevjast forkunnskaper i anatomi, fysiologi, biokjemi, generell patologi og mikrobiologi eller tilsvarande emner. Emnet må vere bestått før sluttvurdering av emne 6.

Innhald / oppbygging

Patologi

  • Betennelse og infeksjon
  • Sirkulasjonsforstyrring
  • Fysiske skader
  • Vekstforstyrring
  • Svulstar
  • Immunsjukdomar
  • Genetiske faktorar

Somatisk sjukdomslære

  • Hjartesjukdomar
  • Karsjukdomar
  • Lungesjukdomar
  • Sjukdom i nyrer, urinvegar og mannlege kjønnsorgan
  • Forstyrringar i væske-, elektrolytt- og syre-base-balansen
  • Sjukdomar i mage-tarm-kanalen
  • Sjukdom i lever-, gallevegar og bukspyttkjertel
  • Endokrine sjukdomar
  • Sjukdom i mammae
  • Blodsjukdom
  • Inflammatoriske revmatiske sjukdomar
  • Nevrologiske sjukdomar
  • Sjukdomar i bevegelsesapparatet
  • Sjukdomar i hud og underhud
  • Sjukdom i øyre, nase og hals
  • Augesjukdom
  • Pediatri
  • Gynekologi
  • Kreftsjukdom

Geriatrisk sjukdomslære

  • Aldersdemens og hjerneslag

Skader og ulykker

  • Traumatologi
  • Drukningsulykker
  • Forgiftingar
  • Avansert førstehjelp og HLR, inklusiv øvingar

Anestesi og overvaking

  • Preoperativ undersøkingar og behandling
  • Anestesi
  • Postoperativ overvaking og behandling
  • Oksygenbehandling og behandling av respirasjonssvikt
  • Blodprodukt og transfusjon
  • Parenteral ernæring
  • Sjokktilstand og fleirorgansvikt
  • Behandling av smerter

Farmakologi

  • Basal farmakologi
  • Generell farmakologi
  • Legemidlar med sentral og perifer smertestillande effekt
  • Legemidlar ved inflammatoriske og autoimmune leddlidingar
  • Antimikrobielle legemidlar
  • Legemidlar ved sjukdom i hjarte og karsystemet, i luftvegane, i fordøyelsesorgan, i blodet, ved endokrine lidingar og ved hudsjukdom
  • Legemidlar som nyttast ved allergi, til immunsuppresjon og kreftbehandling
  • Legemidlar ved anestesi

Medikamentrekning

  • Medikamenthandtering og – rekning
  • Lovverk som regulerer legemiddelhandtering
  • Kontrollrutinar ved administrering av legemiddel
  • Ulike legemiddelformer
  • Administrering av ulike legemiddel
  • Administrasjonsmåtar ved parenteral ernæring, svk
  • Infusjonsvæsker og medikament, hygieniske prinsipp, pvk.
  • Bruk av felleskatalog

 

 

Undervisnings- og læringsformer

 

  • Forelesingar
  • Oppgåveløysing individuelt og i grupper
  • Studiegrupper med rettleiing
  • Øving i medikamenthandtering og -rekning med rettleiing frå lærar

 

Praksis

Ingen praksis

Studieopphald i utlandet

Ikkje aktuelt for dette emnet

 

Arbeidskrav
  • Obligatorisk deltaking i undervisning i medikamenthandtering og medikamentrekning
  • Obligatorisk deltaking i undervisning og øving i førstehjelp
  • Greidd test (100 % rett) i medikamentrekning. Individuelt

 

Sluttvurdering

SK154 Sjukdomslære og farmakologi. Skuleeksamen - 5 timar. Individuell. Bokstavkarakter.

* Legemiddelhandtering inngår i sluttvurdering av emne 6 (Sjukepleie ved somatisk sjukdom og skade).

Pensum

 

EMNE 4: SJUKDOMSLÆRE, FARMAKOLOGI, MEDIKAMENTREKNING

Arnesen, Atle Rønning (2002) Øre-nese-halssykdommer – en kortfattet innføring, 2. utgave. Side 31 – 45, 49 – 55, 61 – 62, 89 – 104, 125 – 137, 152 – 163, 176 – 178, 184 – 186. Oslo: Universitetsforlaget

Bergsjø, P., Maltau, J.M., Molne, K., Nesheim, B.I. (2004): Obstetrikk og gynekologi , s. 135 – 141, 276 – 287, 294-303, 310-316, 321 – 336, 365 – 377. (Kompendium).

Bertelsen. B. I (2000): Patologi, Menneskets sykdommer. Kpt. 4- 22. Oslo: Gyldendal akademiske.

Fischer-Rasmussen, W. m.fl, (1996) Obstetrikk og gynækologi, s. 248-250, 288-294. Tilrådd suppl. lesing s. 179 – 190. København: Nyt Nordisk Forlag Arnold Busk. (Kompendium)

Flatberg, P og Lunde, PK (1989). Legemidler og bruken av dem. Infusjonsvæsker og konsentrater for tilsetning til infusjonsvæsker . Kpt 36,s. 390-426. Oslo: Gyldendal. (Kompendium).

Grønseth, R og Markestad, T.(2005) Pediatri og pediatrisk sykepleie. kap. 18-31, s 187-323. Bergen Fagbokforlaget.

Holm, S og Notevarp, JO (2001). Administrering av legemidler. Heile boka , utan kpt. 12.
Oslo: Fagbokforlaget.

Jacobsen, D m. Fl.(2001): Sykdomslære, Indremedisin, kirurgi og anestesi. Heile boka .Oslo: Gyldendal Akademiske.

Lund-Andersen, H.(1995) Øjensygdomme,s. 79 - 113, 118 – 121.København: Munksgaard 1995, 4. utg. ( Kompendium)

Olsen, L.A. og Rygg, L.Ø. (2004). Praktisk legemiddelhåndtering. Kpt.4, s.37-59, kpt.6, s.84-100. Oslo: Cappelen Akademisk Forlag. (Kompendium).

Reinertsen, H. og Notevarp, J. (2002), 3.utgåve. Legemiddelregning. Heile boka. Oslo: Fagbokforlaget

Simonsen,T. m.fl. Illustrert farmakologi, 2. utgåve, bind 1, unnateke del 4 og bind 2 .Bergen: Fagbokforlaget, 2004