SK155 Etikk, Jus og Psykologi. Emne 5

Kode
SK155

Namn
Etikk, Jus og Psykologi. Emne 5

Studiepoeng
10.00

Kategori
Obligatorisk del av bachelorstudiet i sjukepleie

Tid
Heiltid: Andre semester/1.studieår
Deltid: Tredje og fjerde semester/2.studieår


Mål for emnet

Studenten:

  • Kjenner til og respekterer dei yrkesetiske retningslinjene for sjukepleiarar
  • Har kunnskap om og reflekterer over verdiar i yrkesetikken
  • Analyserer og reflekterer over aktuelle etiske problem i profesjonell sjukepleie
  • Utviklar eit heilskapleg syn på mennesket (holisme) og har respekt for mennesket sin integritet, retten til medbestemmelse og retten til ikkje å bli krenka
  • Kan gjere greie for verdikonfliktar og etiske dilemma i praktisk helse - og sosialarbeid (individ-, gruppe- og samfunnsnivå)
  • Kan gjere greie for eigne reaksjonar i møte med pasienten
  • Har evne til etisk refleksjon
  • Har kunnskap om etiske dilemma på samfunnsplan knytt til helse - og sosialpolitikk
  • Kan gjere greie for generell juridisk teori, forvaltningsrett, lov om pasientrettar og lov om helsepersonell
  • Kan gjere greie for og nyttar faglege, etiske og juridiske rammer for sjukepleiedokumentasjon som reiskap
  • Kjenner til teieplikta og handlar etter intensjonane i lova som omhandlar denne
  • Kan gjere greie for ulike psykologiske teoriar, modeller og omgrep
  • Kan gjere greie for integrering av psykologi i sjukepleiefaget
  • Kan gjere greie for ulike tilhøve som verkar inn på utviklinga av personlegdomen til eit menneske
  • Har kunnskap om læring
  • Kan gjere greie for normale reaksjonar på sjukdom og har innsikt i sjukerolla
  • Kan gjere greie for kriser og kriseintervensjon
  • Er kjend med og reflekterer over eigne reaksjonar i møte med andre menneske
  • Har utvikla seg i mellommenneskeleg og sjukepleiefagleg kommunikasjon
  • Har utvikla evner til lagarbeid
Forkunnskapar

Emnet må vere greidd før sluttvurdering av emne 7.

Innhald / oppbygging

(Etikk, jus, yrkesetikk, psykologi, kommunikasjon)

  • Ulike menneskesyn og konsekvensar i sjukepleiepraksis
  • Etiske dilemma i sjukepleiepraksis
  • Yrkesetikk og medisinsk etikk – prinsipp og verdiar
  • Verdiar, menneskesyn og livssyn
  • Menneskerettane
  • Makt, tvang og kontroll i møte med pasienten
  • Etiske sider ved teieplikta
  • Etiske dilemma i helse- og sosialsektoren
  • Etisk teori (plikt-, sinnelags-, konsekvens- og omsorgsetikk)
  • Etisk refleksjon
  • Aktuelle verdiar og normer i samfunnet og i helse- og sosialfaga (også om korleis dei påverkar praktiske sjukepleiehandlingar)
  • Samfunnsutviklinga sett i forhold til utfordringane i helse- og sosialsektoren (utvikling av verdiar og normer)
  • Sjukepleiar si dokumentasjonsplikt
  • Generell juridisk teori
  • Forvaltningslova
  • Lov om helsepersonell
  • Lov om pasientrettar
  • Grunnleggjande psykologi
  • Kriseteori
  • Kommunikasjon og sjukepleie
  • Tverrkulturell kommunikasjon
  • Kommunikasjon og veremåte
  • Sjukerolla og identitet
  • Kommunikasjon med den eldre pasient
  • Kommunikasjon med yrkesgrupper som sjukepleiar samarbeider med
Undervisnings- og læringsformer
  • Forelesingar
  • Øvingar i kommunikasjon og samhandling
  • Studiegrupper med rettleiing
  • Oppgåveløysing individuelt og i grupper

 

Praksis

Ingen

Studieopphald i utlandet

Ikkje aktuelt for dette emnet

Arbeidskrav
  • Obligatorisk frammøte på undervisning i yrkesetikk og lovgjeving
  • Skriftlege arbeidskrav i Jus og Psykologi og Sjukepleiedokumentasjon i samband med undervisning i emna.
  • Refleksjonsnotat i etikk i praksis i grunnleggande sjukepleie.

 

Sluttvurdering

SK155 Etikk, jus og psykologi. Mappevurdering. Individuell.
Bokstavkarakter.

Arbeidsmappe: Skriftlege arbeidskrav i Jus og Psykologi i samband med undervisning i emna. Refleksjonsnotat i etikk i praksis i grunnleggande sjukepleie.
Presentasjonsmappe: To arbeidskav frå arbeidsmappe blir valgt ut av fagtilsette til sluttvurdering.

Pensum

Brinchmann, BS (Red) (2005). Etikk i sykepleien. Oslo: Gyldendal Akademisk

Håkonsen, KM (1998). Psykolgi - en innføring. s. 13-313. Oslo: Universitetsforlaget.

Kristoffersen, NJ (Red) (2005). Grunnleggende sykepleie kpt. 5, 19, 24. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag

Moen A, Hellesø R, Quivey M, Berge A (2002) Dokumentasjon og informasjonshåndtering. Faglige og juridiske utfordringer og krav til journalføring for sykepleiere.
s.9-34 og s.102 – 144. Oslo: Akribe

Molven, O (2003). Sykepleie og jus. Oslo: Gyldendal Akademisk.

NSF (2001). Yrkesetiske retningslinjer og ICN's kodeks. http://www.nosf.no. (Kompendium)

Syse, A (Red) (2000). Norges lover – Lovsamling for helse-og sosialsektoren. Oslo: Gyldendal Akademisk